www.stordil.no/orientering    Les PDF-versjon her                         Sist oppdatert: 02.12.2008

Stord fredag 26. desember 2008

 

Bjarthe Westerheim vinnar av Romjulsløpet 2008! Knut Valen og Kenneth Westerheim følgde på dei neste plassene. Randi Saue vann dameklassen, med Linda Hammersland på 2. plass og Arnfrid Skjæveland på 3. plass.

 

Resultatlister

Klikk på linken til venstre for å sjå resultat frå Romjulsløpet 2008

Generelt

Romjulsløpet er eit ”hengeløp” med 3 fellesstartar der Langløypeløparane spring heile løypa (del-1, del-2 og del-3), medan Mellomløype-løparane først startar når første Langløypeløpar passerer start-2. Kortløypeløparane spring kun siste del (del-3) og startar når første Lang- eller Mellomløypeløpar passerer start-3.

Tidspunkt

Fredag 26. desember kl. 11.30

Påmelding

Klikk på linken til venstre for å gå til online påmelding. Ordinær påmelding innan 23. desember. Online påmelding blir stengt 25.des. kl.20:00, deretter påmelding ved frammøte 26.des.

Samlingsplass

Frammøte og målgang ved Langeland skule. Merka frå E39 ved Tveitakrysset ca 1,5 km sør for Leirvik

Start

Langløypa: 12.30  (NB! Ca 20 min. å gå til start!)

Mellomløypa: ca 12.50 = når 1. løpar frå langløypa passerer, ca 20 min. å gå til start. 

Kortløypa:  ca 13.20 = når 1. løpar frå lang/mellom passerer, ca 20 min. å gå til start.

Klassar

Dame, Herre. NB! Første løpar til mål uansett løype, er vinnar.

Løyper

Lang (8 km), Mellom (5 km), Kort (2 km)

Kart

Landåsen (2003), målestokk 1:10000 med 5m ekvidistanse, medan siste og avsluttande del, (for alle 3 løypene), går på kombikart Landåsen/Langeland skule i målestokk 1:5000 med 5m ekvidistanse.

Terreng

Vekslande myr, furuskog, med innslag av lauv- og granskog. Nokre stiar og ein del hjortetrakk.

 

Løypeleggjar

Arne Henrik Hovden ( arne.henrik.hovden@sklbb.no  / t:95118640 )

Garderobe

Langeland skule. Dusjmulighet.

Betaling

Over 16 år kr 75. 16 år og yngre kr 35. Etteranmeldingsgebyr kr 30.  Betaling (helst) ved frammøte. Brikkeleige kr 25.

Premiering

Premie til dei 3 første Herreløparane og dei 3 første Dameløparane i mål, samt eventuelt til Herre-/Dame-vinnarane av løypene Mellom og Kort dersom dei ikkje er blant dei nemnde 3 første i mål i respektiv klasse. Eventuell trekking av resterande premiar.

PM

Klikk på linken til venstre for å sjå PM

Væratterhald

Ved mykje snø, vert løpet avlyst. Sjekk www.stordil.no/orientering (eller eventuelt kontakt løypeleggjar) ved mistanke om avlysing.

Maksimumstid

2. start blir inndratt 45 min. etter 1. start

3. start blir inndratt 90 min. etter 1. start

Mål blir inndratt 120 min. etter 1. start

 

 

 

 

 

Sponsorar for Stord IL Orientering: