PM 2008

 

 

Løpsopplegg:

NB! Hugs å nulle brikken før du dreg til start – og helst før kl. 12:30 ettersom alle vert registrert med starttid 12:30 (!)

Alle løparar i løype LANG startar kl. 12:30 ved Start-1.

Når første løpar kjem til post X, triggar dette starten for alle løparar i løype MELLOM, (dvs. Start-2). Løparane i desse to løypene har vidare dei same postane resten av løpet.

Første løpar (i LANG eller MELLOM) som kjem til post XX i LANG-løypa (= post XY i MELLOM-løypa), triggar starten for alle løparar i løype KORT, (dvs. Start-3). Vidare har alle løparar dei same postane til mål.

 

Kart

NB! Løparar i løype LANG og i løype MELLOM får utlevert 2-sidig kart, med siste del av løpet (løype KORT) på side 2! Ver då særleg merksam på endra målestokk og ekvidistanse. (Side-1: 1:10000, 5m, og side-2: 1:5000, 5m)

 

Det er ein del myrar, hjortetrakk og stiar som gir bra løpbarhet, men med litt grønt innimellom.

 

Vinnarar er første fullførande herreløpar og første fullførande dameløpar. (Sjå elles innbydinga for info om premiering.)

 

God tur og lukke til!