stordo.no        Les PDF-versjon her                                    Sist oppdatert: 26.12.2012

Romjulsløpet 2012

Håkon Jarvis Westergård vann Romjulsløpet onsdag 26. desember! Resultat finn du via linken under. Kjekt om du også teiknar inn dine vegval i RouteGadget!

 

Resultatlister

Resultatlister/strekktider etter løpet via linken til venstre

RouteGadget

Teikn inn dine vegval i RouteGadget og sjå kvar andre sprang etc.

Generelt

Romjulsløpet er eit ”hengeløp” med 3 fellesstartar der Langløypeløparane spring heile løypa (del-1, del-2 og del-3), medan Mellomløype-løparane først startar når første Langløypeløpar passerer start-2. Kortløypeløparane spring kun siste del (del-3) og startar når første Lang- eller Mellomløypeløpar passerer start-3.

Tidspunkt

Onsdag 26. desember – første start kl. 12.00 (NB! 20 min. å gå til start)

Påmelding

Klikk på linken til venstre for å gå til online påmelding. Online påmelding blir stengt 25.des. kl.19:00, deretter er det påmelding ved frammøte 26.des. Vi set stor pris på om du brukar Online påmelding!

Samlingsplass

Frammøte ved Langeland skule. Merka frå E39 sørvest for Leirvik

Start

LANG-løypa: kl. 12.00  (NB! Ca 20 min. å gå til start!)

MELLOM-løypa: Når 1. løpar frå langløypa passerer (ca 12.35?)

                                NB! Ca 15 min. å gå til start

KORT-løypa:  Når 1. løpar frå lang/mellom passerer (kanskje 12.55?).

                          NB! ca 15 min. å gå til start.

Klassar

Dame, Herre. NB! Første løpar til mål uansett løype, er vinnar.

Løyper

Lang (10 km), Mellom (6 km), Kort (3.6 km)

Kart

Alle kart har skala 1:10000 og 5 meters ekvidistanse.

Terreng

Vekslande myr, furuskog, med innslag av lauv- og granskog. Nokre stiar og ein del hjortetrakk. Avsluttande del i meir stifyllt område.

Løypeleggjar

Arne Henrik Hovden, telefon: 95 11 86 40, epost: arne.henrik.hovden@kvaerner.com

Garderobe

Langeland skule. Dusjmulighet.

Betaling

Over 16 år kr 100. 16 år og yngre kr 50. Betaling (helst) ved frammøte. Brikkeleige kr 25.

Premiering

Premie til dei 3 første Herreløparane og dei 3 første Dameløparane i mål, samt eventuelt til Herre-/Dame-vinnarane av løypene Mellom og Kort dersom dei ikkje er blant dei nemnde 3 første i mål i respektiv klasse. Eventuell trekking av resterande premiar.

PM

Klikk på linken til venstre for å sjå PM

Væratterhald

Ved mykje snø, vert løpet avlyst. Sjekk stordo.no (eller eventuelt kontakt løypeleggjar) ved mistanke om avlysing.

Maksimumstid

2. start blir inndratt 60 min. etter 1. start

3. start blir inndratt 100 min. etter 1. start

Mål blir inndratt 130 min. etter 1. start

 

 

 

Sponsorar for Stord Orientering: