O’julekalenderen 2012! Oppgåva var som vanleg  å finna ut kvar bileta (nedst) var tekne. Eit klikk på kalenderluka viser full versjon av bileta. Karta (i PDF-format) med alternative postplasseringar: "Landåsen"  og  "Digernes." (Tips høgreklikk og opne kobling i ny fane i browseren.)

Det var i tillegg 3 bonuspoeng å hente. Ved å levera delsvar kvar veke, fekk ein 1 ekstra poeng, dvs:

post 1-7 måtte vera levert innan 9. des., post 8-14 innan 16. des. og post 15-21 innan 23. des.

 

O-julekalendaren 2012 – oppsummering og resultat

Feltet kom samla ut frå start og låg forholdsvis tett fram til dei 7 første postane var unnagjort. Dei som følgde litt ekstra med , såg at post 7 var post nr 7 i årets tur-o opplegg.

I påfølgande etappe fram mot post 14 var det feltet byrja å splitta seg opp. Allerede på post 8 vart 6 stk hekta av og både kondis og o-teknikk byrja å svikta hos enkelte utetter løpet. Konsentrasjonssvikt i stemplingøyeblikket på eine posten holdt på å kosta sigeren for Jarle, men kjapp som han er så sendte han dokumentasjon på at posten var passert i «rette vindauga».

Neste vanskelige post iht feilprosent svar kom på postnr 16, ei «kul» myr på halvøya i Kroktjødno . Ei lita nøtt det der med huset i bakgrunnen.

På post nr 19 hadde eg lagt ut eit «hemmeligt» teikn, 2 pinnar i kryss , veit ikkje om det vart oppdaga, men eg er imponert over kor mange som klarte rett på det bilde.

Avgjedsla kom på post nr 21.Detaljen brukte eg på eit treningsløp i fjor ( forfjor ? ). La den på minne til o-kalendaren. Den var tydeligvis ei nøtt då 60 % av svara som kom inn var feil.

Sistebilde var eit lite forsøk på micro orientering , og det trur eg sendte dei fleste ut på tur J

Av dei 4 første så var det tett, så dette var jamt heile vegen inn. Det betyr at det var akkurat vanskeligt nok te å få ein vinnar , men samstundes lett nok til at dei fleste hang på ( eit stykke )

Takk for dei som svara , det hadde og vore kjekt med ei tilbakemelding på kor mange som va innom og såg , utan å levera svar.

plass

deltaker

antall rette

bonuspoeng

total score

 

1

Halland, Jarle

24

3

27

suverent !

2

Huse, Jonny

23

3

26

imponerande

3

Westerheim, Bjarthe

23

3

26

imponerande

4

Slettemark, Edel

22

3

25

imponerande

5

Polden, Andreas

19

3

22

god, tar siste steget til neste år

6

Rykkje, Linda

15

3

18

god,men mangla litt markarbeid

7

Rykkje, Sveinung

16

2

18

god,men mangla litt markarbeid

8

Arntzen, Mariell

18

0

18

sein til start, men imponerande frå ein outsider

9

Sakseid, Per-Svein

14

3

17

bra treffposent utan markarbeid

10

Westerheim, Harald

16

0

16

sein til start, men bra treffprosent utan markarbeid

11

Irgens, Atle

9

2

11

brutt ? Sist sett i lysløypa på fjellet

12

Westerheim, kenneth

6

1

7

brutt ?

13

Westerheim, Ole Andre

6

1

7

brutt ?

takk til alle som deltok

 

Statistikk :