www.stordil.no/orientering    Les PDF-versjon her                         Sist oppdatert: 16.12.2010

Romjulsløpet 2010 er AVLYST!!!!

Romjulsløpet som Stord Orientering arrangerer 26. desember kvart år må i år diverre avlysast grunna for mykje snø i terrenget!  Byt ut kart og kompass med ski i romjula i år!

 

Resultatlister

Resultatlister/strekktider etter løpet via linken til venstre

Generelt

Romjulsløpet er eit ”hengeløp” med 3 fellesstartar der Langløypeløparane spring heile løypa (del-1, del-2 og del-3), medan Mellomløype-løparane først startar når første Langløypeløpar passerer start-2. Kortløypeløparane spring kun siste del (del-3) og startar når første Lang- eller Mellomløypeløpar passerer start-3.

Tidspunkt

Sundag 26. desember – første start kl. 12.00 (NB! 15 min. å gå til start)

Påmelding

Klikk på linken til venstre for å gå til online påmelding. Online påmelding blir stengt 25.des. kl.20:00, deretter påmelding ved frammøte 26.des.

Samlingsplass

Frammøte ved Prestegardsskogen idrettshall. Merka frå E39 ved Ådlandsvatnet nord for Leirvik

Start

LANG-løypa: kl. 12.00  (NB! Ca 15 min. å gå til start!)

MELLOM-løypa: Når 1. løpar frå langløypa passerer (ca 12.35?)

                                NB! Ca 15 min. å gå til start

KORT-løypa:  Når 1. løpar frå lang/mellom passerer (kanskje 12.55?).

                          NB! ca 15 min. å gå til start.

Klassar

Dame, Herre. NB! Første løpar til mål uansett løype, er vinnar.

Løyper

Lang (10 km), Mellom (5.5 km ), Kort (2.5 km)

Kart

Alle løyper startar med kartet ”Lundeåsen” (2009), målestokk 1:7500 5m ekvidistanse. Siste del går på kartet ”Tyse” (2009) i målestokk 1:5000 med 5m ekvidistanse.

Terreng

Vekslande myr, furuskog, med innslag av lauv- og granskog. Nokre stiar og ein del hjortetrakk. Avsluttande del i meir stifyllt område.

Løypeleggjar

Kennet Westerheim (kenneth.westerheim@sklbb.no / t:41499571 )

Garderobe

Prestegardsskogen idrettshall. Dusjmulighet.

Betaling

Over 16 år kr 80. 16 år og yngre kr 40. Betaling (helst) ved frammøte. Brikkeleige kr 25.

Premiering

Premie til dei 3 første Herreløparane og dei 3 første Dameløparane i mål, samt eventuelt til Herre-/Dame-vinnarane av løypene Mellom og Kort dersom dei ikkje er blant dei nemnde 3 første i mål i respektiv klasse. Eventuell trekking av resterande premiar.

PM

Klikk på linken til venstre for å sjå PM

Væratterhald

Ved mykje snø, vert løpet avlyst. Sjekk www.stordil.no/orientering (eller eventuelt kontakt løypeleggjar) ved mistanke om avlysing.

Maksimumstid

2. start blir inndratt 60 min. etter 1. start

3. start blir inndratt 100 min. etter 1. start

Mål blir inndratt 130 min. etter 1. start

Romjulsløpet i fjor

Via linken til venstre ser du korleis førre Romjulsløp gjekk :-)

 

 

 

Sponsorar for Stord Orientering: