www.stordil.no/orientering    Les PDF-versjon her                         Sist oppdatert: 21.12.2009

Anders Nordberg vinnar av Romjulsløpet 2009

Anders Nordberg innfridde favorittstempelet og sette vestlendingane på plass med taktomslag og alternativt vegval til nest siste post i den snøtunge løypa. Bjarthe Westerheim følgde han til dørstokken, men vart eit par sekund for sein. Du kan sjå video av målgangen her.

Løparane hadde ein sosial tur i skogen der det var klart tyngst å liggja fremst og brøyta veg i den 30cm høge snøen, men kor praten gjekk laust og ledig bak i feltet :-)

 

NB! Attgløymd Trimtex svart treningsjakke, Twister O-sko, Swix treninngshanskar, sokkar, leggisar... ju neim itt.

 

Resultatlister

Resultatlister/strekktider etter løpet via linken til venstre

Generelt

Romjulsløpet er eit ”hengeløp” med 3 fellesstartar der Langløypeløparane spring heile løypa (del-1, del-2 og del-3), medan Mellomløype-løparane først startar når første Langløypeløpar passerer start-2. Kortløypeløparane spring kun siste del (del-3) og startar når første Lang- eller Mellomløypeløpar passerer start-3.

Tidspunkt

Laurdag 26. desember kl. 12.00

Påmelding

Klikk på linken til venstre for å gå til online påmelding. Ordinær påmelding innan 23. desember. Online påmelding blir stengt 25.des. kl.20:00, deretter påmelding ved frammøte 26.des.

Samlingsplass

Frammøte og målgang ved Litlabø skule. Merka frå E39 ved krysset mot Litlabø ca 1,5 km nordvest for Leirvik

Start

LANG-løypa: kl. 12.00  (NB! Ca 15 min. å gå til start!)

MELLOM-løypa: Når 1. løpar frå langløypa passerer (ca 12.25?)

    NB! Hugs ca 20 min. å gå til start, dvs. ca 5 min. frå Langløypestarten. 

KORT-løypa:  Når 1. løpar frå lang/mellom passerer (ca 12.45?).

   NB! ca 20 min. å gå til start, eller ca 15 min. frå Mellomløypestarten.

Klassar

Dame, Herre. NB! Første løpar til mål uansett løype, er vinnar.

Løyper

Lang (8 km), Mellom (4.5 km), Kort (2 km)

Kart

Lang og Mellom startar med kartet ”Ulvatjødno” (2009), målestokk 1:7500 med 5m ekvidistanse. Kortløypa og siste del går på kartet ”Litlabø Gruer” (2009) i målestokk 1:5000 med 5m ekvidistanse.

Terreng

Vekslande myr, furuskog, med innslag av lauv- og granskog. Nokre stiar og ein del hjortetrakk. Avsluttande del i eldre granskog.

Løypeleggjar

Lars Harald Frugård ( larshf@sklbb.no  / t:97556016 )

Garderobe

Litlabø skule. Dusjmulighet.

Betaling

Over 16 år kr 75. 16 år og yngre kr 35. Etteranmeldingsgebyr kr 30.  Betaling (helst) ved frammøte. Brikkeleige kr 25.

Premiering

Premie til dei 3 første Herreløparane og dei 3 første Dameløparane i mål, samt eventuelt til Herre-/Dame-vinnarane av løypene Mellom og Kort dersom dei ikkje er blant dei nemnde 3 første i mål i respektiv klasse. Eventuell trekking av resterande premiar.

PM

Klikk på linken til venstre for å sjå PM

Væratterhald

Ved mykje snø, vert løpet avlyst. Sjekk www.stordil.no/orientering (eller eventuelt kontakt løypeleggjar) ved mistanke om avlysing.

Maksimumstid

2. start blir inndratt 50 min. etter 1. start

3. start blir inndratt 90 min. etter 1. start

Mål blir inndratt 120 min. etter 1. start

 

 

 

 

 

Sponsorar for Stord IL Orientering: