Ei uforgløymelig trening 11.07.2009

Fekk  mail av Bjarthe som viste ei vanvittig tøff treningsløype på meir enn 12 km i luftlinje , og med stigning langt over normalen. Starten var på ca 200 m.o.h og mål  var på Mehammarsåto 749 m.o.h !! Dette måtte prøvast !  Etter ein sykkeltur rundt på Bømlo dagen før, var eg litt skeptisk til om dette var rette dagen å prøve løypa på. Beina kjendes ikkje særlig spreke ut då eg vakna, men prøva sku eg uansett! Utrusta med ein liten ryggsekk som inneheldt  div klede + mat og drikke var eg klar for løpet.

Vel parkert i Vistvik ser eg at Oddmund sin bil står parkert der. Ja,ja då er kanskje han og ute og prøver løypa og.  Kanskje eg ser han seinare?  På veg oppover mot startpunktet begynner eg allereie å angra på det heile, då beina kjennest ut som tunge blyklumpar.  Sikkert pga syklinga i går, tenker eg. Vel, vel  til start kjem eg. Klar, ferdig, gå! Der er eg i gang. ( Sjå vidare under kartet)

 

Bjarthes fjelløp 05072009.jpg

Eg følger stien  eit stykke oppover på veg mot første post i løypa. På Mp3`n høyrer eg AC/DC på full guffe. Fin musikk til å ta motbakkane med dette, tenker eg mens eg pustar og pesar meg oppover stien. På høgre side ser eg Dyrselevarden.  Skal runde den og ta av mot sør-aust når myrane startar er planen. Tar av som eg tenker, og går i retning der eg meiner posten skal vera. Kartet er i målestokk 1:20000 med 10 m ekvidistanse, så det er nok ikkje heilt å stola på tenker eg mens eg går rett i ein bom! Men posten skal jo vera her ?  Nei, ser på kartet igjen. Gjekk eg for lågt inn i posten ? Prøver å gå litt lengre opp. Nei ikkje fa…heller ! Har Bjarthe gjøymt posten under bakken ?  Tilbake til tjødna  som ligg før posten. Tar ny kurs, men kompassnåla berre går i ring? Ka i svarten er dette då?  Skjønar ingenting av kompasset, og  går i retning der eg meiner posten skal vera, og der..endelig ser eg den. Ca 10 min bom på første post, så med dette tempoet vil det bli ein lang dag….

 

Post 1 sett mot nord-aust. ( Har bevisst tatt ”romslige”bilder, der dåke må leita etter posten på bildene . Grunn : Då kan dåke sjå den fantastiske naturen  J

Tar ny kurs mot post to. Ka i helsike ?? kompasset er lika gale endå, då nåla roterer som rotoren på eit helikopter !!!  Ok, får  ta kursen på skjønn då. Spring  i retning posten og treff pytten, som ikkje ligg oppå kollen, men sør for kollen. Null bom. No er eg i gang !

Post 2 sett mot nord-aust.

Post 3 ser vanskelig ut. Legg frå meg fotoapparatet eg heile tida har hatt i høgre handa og prøver på ny å ta kursen med kompasset. Men kva skjer ? Kompasset verkar ! Aha , eg tar opp fotoapparatet igjen og held det attmed kompasset . Nåla går i rasande fart i ring igjen. Altså er det fotoapparatet som er syndebukken J  Legg fotoapparatet i sekken og føl kompasskursen i retning tredje post. Passerer Hagebergselva og startar på oppstigninga i retning posten. Vel over kanten ser eg nedover lia i retning der søkket skal vera. Er veldig usikker på nøyaktig plassering, men kartet viser eit flatare parti der søkket er. Finn noko som liknar og ser nedi søkket. Ingen post. Den må jo vera her? Går nedi søkket og ser posten. Den er berre hengt opp inntil den sida eg stod. Finn ny plass til skjermen  midt i søkket og tar bilde som vist under.

Post 3 sett mot nord.

Et  litt nøttemix og drikk litt cola før eg tar fatt på vegen mot  fjerde post. Ser frykteleg langt ut når eg ser  sør-vestover  i  retning  der posten skal vera ein stad. Vel å runde Høgabruno på norsida, for og sleppe å  gå rett over toppen som er ca 530 m.o.h.  Er drittungt oppover. Prøver å tenke positivt , men klarer det ikkje heile tida. Likevel,  eg kjem meg rundt og nærmar meg posten. Er usikker inn mot den, men heldigvis ser eg den på litt avstand, bingo J

Post 4 sett mot nord.

Prøver å  springe litt fortare mot post fem, då terrenget blir finare og finare. Kjenner gleda over å ikkje vassa i brake og lyng slik eg gjer i låglandet. Sola steikjer godt no, så sveitten piplar over heile kroppen. Passerer nokre fine småvatn litt over midten på strekket. Nydelig plass tenker eg då.( Sjå bilde under.)

Begynner å stusse når eg nærmar meg posten, men går rett i og smiler for meg sjølv då flagget lyser mot meg. Yahooo, dette er moro !!!

Post 5 under.

Er no midt oppå Grønafjellet, noko av det finaste  terrenget me har på Stord. Tar kursen i retning sjette post, som er ein kolle. Vel å ta rett på etter kompasskursen, og prøva å runda høgdene på vestsida for å spara høgdemeter. Grunnen er at  eg  veit det er nok høgdemeter å ta av seinare, så her må eg spara dei kreftene eg kan. Er  heldig og ser posten på lang avstand,så den er  lett match !

 

 

 

Post 6 ligg oppå ein liten kolle. Ser den på lang avstand.

  Ser no Mehammarsåto langt borte mot sør. Der er målet for turen, men no må eg dessverre snu i nord-austlig retning mot post nummer sju som er ein pytt, Fint terreng bortover mot posten, fryder meg verkelig no, då det er lett å halde ein bra fart bortover.Held meg på sørsida av Krokavatnet , eit virvar av eit vatn med hundrevis av ”krinkelkrokar.” Tar meg inn på det lange vatnet før posten, runder rundt åskammen og går rett i posten. Svolten kjem krypande no, så eg hiv innpå eit par never med Polly Turmiks før eg kikkar i retning post åtte. Men først er det fotografering av posten.

 

Post nr 7. Ser du den ?  ( Ligg på berget litt til høgre for midten )

Tenker at no er eg snart halvvegs til mål i antall poster (totalt 15 ) Men samtidig ser eg at det er mange  kilometer og stigning igjen endå. I tillegg går no løypa i motsatt retning av målet som er Mehammarsåto !!  Blir tørst av tanken og tar fram colaflaska og drikk til pusten  nesten forsvinn. Gispande etter luft må eg innsjå at det er langt igjen..veldig langt. Men Bjarthe sa i telefonen at fullfører du heile løypa på samme dag vil du få ei sterne i margen av meg. Dette skal eg klare tenker eg og begynner å springe i retning åttende post som er eit søkk. Ser av kartet at eg må over Eideselvo før eg treng å finorientere. Held kursen bortover og passerer diverse tjødner før eg kjem til  elva etter ei stund. No starter finorienteringa.Meiner eg ser søkket og spring rett bort for å ta eit bilde av posten. Men der er ingen post ?!  Skal eg opp eller ned no ? Tar sjangsen på opp ein kote, og der ligg posten på ein stein. Legg litt flire småsteinar inni posten slik at den blir lettare å sjå for andre, Deretter er det den obligatoriske fotograferinga.

 

Post  nummer 8.  Leit på steinane ca midt i bildet og finn den  J


Niande post ligg nesten ved ”tindaslottet ” ei fantastisk hytte som er dekka med stein som glir inn i landskapet. Før posten passerer eg ei tjørn der det er utvunne to spesielle steinsortar som er veldig sjeldne for steinsamlarar, Eine steinen er rosa på farge og ser ganske tøff ut. Rosa turmalin er navnet på den steinen.( Finnest berre på Stord og i Sør-Amerika  seier dei som veit det. …Ikkje tru på det )

Rosa turmalin (rubelitt)
Rosa turmalin er en av de steinarter som blir forbundet med hjertesentret. For dem som trenger å styrke og vekke opp energistrømmen i hjertesentret, er det godt å bruke denne steinen sammen med rosenkvarts og kunzitt i healingutlegginger. Den drar fram munterhet og gjør en til en mer aktiv deltager i livet. Rosa turmalin styrker indre sikkerhet, hjelper til med å åpne hjertesentret og gjøre det klart for oss at det er i orden å elske og være glad i andre og vise disse følelsene. Dens forvandlingskraft hjelper med å overkomme sorg og angst og healer de hjertesår som vi blir utsatt for.

 

Vel , vel  eg må vidare  finn posten lett då eg nylig var ved den same tjødna på ei anna trening.

Endelig snur eg litt mot rette vegen igjen  tenker eg  då  eg er i fullt firsprang mot post 10. Fantastisk terreng bortover. Kjenner på kroppen at no begynner eg å bli trøtt, då eg har sprunge litt for fort den siste timen , tatt i betraktning av form og alder.Lurer på kor Oddmund er no? Har han tatt heile løypa? Bestemmer meg for å ringe når eg er på posten. Held kursen litt sør for Småtjødnane og får meg ein liten sving rundt posten før eg ser den. Setter meg ned og ringer Oddmund . Viser seg at han og Lars Harald har vore ute og tatt postane frå 1-11.( Lars Harald hoppa dog over nokre av postane , då motbakkekongen Oddmund måtte få blåsa litt krefter ut under vegs.Ikkje mange som held følgje med den karen  då J )  Ok, tenker eg.No skal eg  i alle fall fullføra heile løypa , same kor tungt det måtte bli !!

Post nummer 10 er ei tjørn. Posten heng til høgre i bildet. Ikkje lett å sjå på bildet.

Neste post, nr 11 har Bjarthe fortalt er ein luring. Tjødna ligg liksom ikkje der ein vil ha ho i kurvebildet. Legg likevel  kursen bortover med godt mot, denne skal eg finna ! Er fortsatt på Grønafjellet , så terrenget er fantastisk med  ein botn som minner om plenen heime. Begynner likevel å kjenna at no er eg trøtt. Dessutan ser eg  målet Mehammersåto langt der sør…veldig langt sør…

 

Mehammersåto langt unna endå………

 

 

Puh vil dette gå ? Stopper og tar fram ein boks ” Battery ” eg har i sekken. Hiv den innpå på ein slurk. Fy flate , får koffeinkick innen det er gått eit minutt. No er eg høg på koffein og ser lyst på det meste. Gløymer  i dette augeblikket at koffein og er vanndrivande. Det  merker eg snart då eg får ei akutt trang til å pissa, Eg som trudde at all veske kom ut som svette !  Pisser heilt gult, noko som får meg til å tenke at no har du forlite veske i kroppen. Hiv innpå alt vatnet eg kan i nermaste tjørn. Smaker godt sjølv om sauene i området sikkert har drukke av samme kjelda. Pytt pytt, er ein tørst så er ein tørst ! Joggar vidare og stoppar ved tjødna eg meiner er den rette. Ser ingen post. Av tidligare erfaring , veit eg at alle tjødnane ikkje er inntegna. Kanskje det er ei anna tjørn i nærheten ? Tar ein liten runde rundt,men nei , ingen andre her. Tilbake til tjørna frå ein annan vinkel, og der heng posten. Ca 5 min bom her ja…

Post  nummer 11 på bildet over.

No begynner eg for alvor å bli trøtt, og å sjå på strekket til 12 post hjelper heller ikkje på det. Eg skal finne eit søkk i ei skråli, med 10 m ekvidistanse , og det på eit kart i Målestokk 1:20000 ? Eg beundrer Bjarthe som har klart å legga ut desse postane. Kan ikkje ha vore enkelt nei J Spring rett på og held meg på  austsida av Djupatjødnene. Prøver å vere heilt nøyaktig med kompasskursen for å unngå postbom. Nærmer meg der eg meiner posten skal vere, og begynner å leite. Finn ingen post, samtididig er eg  usikker på kor eg er i skrålia. Tar sjangsen på å gå fram til bekken forbi  posten og finne plassen den gjer ein krapp sving. Finn svingen på bekken  og går tilbake. Ingen post .Brått kvepp eg til , kva er dette ? Ser ein sau oppå ein haug , men stemma hans er ikkje slik ein sau skal høyrast ut. Går mot sauen. Jo det er frå han stemma kjem ?? høyrest ut som ein av sauene i  Skrekkfilmen ” Black sheep ” for dei som har sett den. Stemma er grov og skjærande. Aldri høyrt på maken. Og eg som er oppvaksen på gard med sauer !  Vel ,vel  lar sau vera sau. No er det den forbaska orienteringsposten eg må finna. Går litt høgare opp enn eg strengt tatt føler eg må, og der heng den så flott og fin !  gleda er stor etter ca 15 min bom på denne posten. Den største bommen i dag skulle det visa seg.

 Post 13 ser lett ut på kartet , då eg har mange tjørner og vatn å styra meg inn mot posten på.Likevel er det ikkje så enkelt som kartet skulle tilseia. Er vorten veldig trøtt no , så konsentrasjonen er ikkje den beste, Dessutan er det  så forbaska mange kleggar som likar meg ( ikkje gjensidig )  Bruker det eg har av armar og bein og prøver å kverke flest mulig som bit seg fast. ”Forbanna innsekt” seier  eg for meg sjølv på veg mot posten. Finn posten utan problem og tenker no at det er berre er to poster igjen. Puh, må ha litt cola før eg kaver meg mot nest siste post.( Post 13 på bildet under )

 

 


Må stoppe og drikke litt cola på veg mot 14 og nest siste post. Kjenner at eg har tendens til krampe i venstre  lår.Fyttikatta om eg får krampe no. Ingen andre enn meg i området som kan hjelpe. Har dog med mobilen som har god dekning her oppe i høyden, så håp er det alltid. Går rett i posten , tross Bjarthe`s  spådommar om at denne posten er ” kinki ” å finne.  Er lykkelig  no over å ha funne posten lettare enn Bjarthe då han hengte den ut
J

 

 

 

Post 14 sett mot sør-vest.


Å, endelig siste post !  Men for ein stigning opp mot posten !  Går på viljen no. Springa kan eg berre gløyma, då krampen nærmer seg med stormskritt. Sleper meg over haugen og slepper meg ned på andre sida. To ravner kretser over meg no. Er dei på jakt etter mat ? Meg skal  dei i alle fall ikkje få  utan kamp !  Finn snart plassen der posten bør vera , men ser ingen post. ”Svarte belje !” Den skal jo vera her ?  Går gjennom søkket og leitar og  finn posten då eg snur meg  att. ”Kor blind går det an å bli ”,tenker eg  mens eg  tar fram kameraet og tar bilde av denne posten og.

 

Post nummer 15 .


No er eg skikkelig trøtt og går / snublar meg fram til målet, sjølve Mehammersåta 749 m.o.h.  Jubler hemlingslaust av glede då eg ser varden på toppen. Setter meg ned og  sluker alt eg har av drikke igjen / ein boks Battery + resten av Colaen )  Må ta eit bilde som bevis, og tar fram kameraet og setter det på 10 sekunders pause før bildet blir tatt, går nokre steg tilbake og jubler hemningslaust i meir enn dei tilmålte 10 sekundane. Eg klarte det, eg klarte det !!

 

Setter meg ned med ryggen mot aust. Setter på radioen på  mobilen og høyrer på ”sport og musikk ” på P4. Høyrer at Thor Hushovd har tatt tilbake spurttrøya og gleder meg over den prestasjonen. Nesten like bra som det eg har gjort i dag tenker eg mens eg slumrer av litt. Brått kjenner eg vanndråper på  kroppen. Kva er dette ? Tar av meg øyretelefonane og snur meg mot aust. Fy flate kor svarte skyene der er blitt ! Eit kjempeblink , etterfølgt av eit drønn jomar over toppen. Det starter eit vanvittig lyn og tordenvær , med tilhøyrande regn i bøtter og spann. Her står eg på Stord sin høgaste topp og det lyner og tordner rundt meg, samtidig så regnet høljar ned ? Kva gjer eg no ? Ser jo ut som den lynavledaren der eg står mest naken , mens heile kroppen er dekka av vatn. Eg hiv på meg ryggsekken og stormar det eg kan nedover fjellsidene, alt mens lyna  er faretruande nærme nokre ganger . Lar krampe evera krampe og får nye krefter og jogger det eg kan langs turstien forbi Litlasåto, Djupatjødnene, Mosavatnet , Svartavatnet og ned Hovlandsdalen i retning Vistvik og bilen. Regnet høljer ned  heile tida , men det føles varmt på den nakne overkroppen uansett. Vel nede i bilen finn eg eit handklede og tørker meg som beste eg kan ,før eg tar på meg tørre klede. Turen er gjennomført på litt over fem og ein halv timeJ

Takk til Bjarthe for at du laga løypa .og takk til meg sjølv for at eg sprang ho!

Skal sei at maten til kåno smakte då eg kom heim J