2008 – Stord IL Orientering

Nyhende 2008

Romjulsløpet 2008

Gildesprinten ved Leirvik skule 24. september

Gildesprinten ved Langeland skule 12. september

Bjarthe og Asbjørn kretsmeistrar

Ein lengre treningstur

Fine Stord-resultat i Hamla GP i Samnanger

Sørlandsgaloppen 2008

Bjarthe, Sindre, Edel og Silje KM-vinnarar på Voss!

Arild Aasheim og Kenneth Westerheim dominerte ”Kristtornhelga”!

Odda med treningssamling på Stord 29/2-2/3 2008

 

Nyhende 2008

 

Romjulsløpet 2008

LHF 26.12.2008

Bjarthe Westerheim raskast i Romjulsløpet 2008. Randi Saue vann dameklassen.

Bjarthe opparbeidde seg ei luke ned til dei argaste konkurrentane på veg til 10. posten, og derifrå og inn heldt han dei bak seg.

Randi Saue var raskast av dei som valgte kortløype-starten og var også raskaste dame til mål.

 

Du finn resultat via linken under.

http://ans.hsh.no/home/jh/ostoff/Sesong08/Romjul/Romjulslopet2008.htm

 

Gildesprinten ved Leirvik skule 24. september

AHH 12.10.2008

Gildesprinten ved Leirvik skule - også ein suksess!

Onsdag 24.september arrangerte Bjørn F. Johannesen , Jacob Hystad og Arne Bergsvåg Gildesprint ved Leirvik skule. Ca 170 deltakar i 5-7 klasse var med . løypene gjekk i området på Vikahaugane kartet, med start og mål på bakken NØ av Vikastemmo .

 

Til saman er det no ca 320 elevar som har delteke i Gildesprinten. Til neste vår vil me arrangera ein ny Gildesprint , men då vil Hystad og Rommetveit skule bli inviterte i tillegg til Leirvik og Langeland

 

På Stord Ungdomsskule har Morten Bratseth og Jacob Saghaug hatt eit opplegg for sin klasse og paralellklassen , ca 50 9. klassisngar totalt .

Dette var ikkje ein del av Gildesprinten , men eg syns det var verdt å nemne det . kanskje det kan vera eit innspel til fleire som vil presentera idretten sin for medelevar ?

( muligens som ein del av Gildesprinten til neste år ?)

Gildesprinten ved Langeland skule 12. september

AHH 15.09.2008

Gildesprinten ved Langeland skule vart ein suksess!

Over ser me tre blide representantar for Gildesprinten og Langeland Skule.

150 løparar sprang i knallfint vær gildesprint ved Langeland skule fredag 12 september. Det vart kjørt tre o-løp, eitt for kvart klassetrinn 5., 6. og 7. klasse. Løypa var ca 900 m, og gjekk rundt fotballbanen og inn på skuleområdet med sistepost ved flaggstanga. Alle løparar kom trygt gjennom løypa, og fekk velfortent premie, T-skjorte og eit kult panneband. Både elevar og lærarar treivst med opplegget, og me har lova å koma tilbake i 2009.

Arrangementet vart flott losa i hamn av Andreas Polden , Kjell og Marie Aasheim , og Arne Henrik Hovden, samt med god hjelp frå lærarane!

 

Her finn du skulen si eiga oppsummering

 

Bjarthe og Asbjørn kretsmeistrar

LHF 25.08.2008

Bjarthe Westerheim vann klasse H21, med broren, Kenneth på ein flott 3. plass. I klasse H13-14 ”knuste” Asbjørn Rafdal konkurrentane, men Sindre L. Hovden tok 2. plassen.

Asbjørn hadde ein imponerande siger laurdag med 5-6 minuttars margin ned til nr. 2, som også vart ein Stord-løpar, nemleg Sindre. Dette lovar godt for framtida. I stafetten sundag stilte desse to, saman med Jakob Saghaug, lag i klasse H13-16. Det vart då ein fin 3. plass.

Men før desse 3 er blitt tilstrekkeleg ”garva” har med Bjarthe og Kenneth til å visa veg. Bjarthe smelte like godt til med siger i H21 føre Vidar Schei frå Viking, men med Kennth på 3. plass. Flott! I stafetten sundag hadde Oddmund Roalkvam måtta melda ”pass” på H17-laget grunna skade. Henrik Ottesen steppa då inn, sjølv om han hadde ”Katnakken Triathlon” i beina frå dagen før. Han gjorde trass dette ein brukbar etappe. Gular og Fana vart imidlertid for sterke, og Stord-laget tok dermed 3. plassen.

I klasse H17-18 tok Råmund L. Hovden ein fin 3. plass, med Andreas Grøteide like bak på 4. plass. Sundag stilte desse to, saman med Anne Løver, lag i klasse Åpen. Dei gjekk like godt hen og vann klassen suverent! Anne tok også ein fin 3. plass laurdag i klasse D40.

Fine resultat også av yngste blad Hovden, Brage, som vann H11N begge dagar og som det skal bli spanande å følgja framover.

 

Ein lengre treningstur

KW 22.08.2008

Det heile begynte med at eg høyrde nyss om topptrimmen og så fekk det for meg at eg skulle prøva å ta alle toppane i ein løpetur. Det bar ned til sykkel og sport og prosjektet var i gong…

Dei påfølgjande mange Fredagstreningane blei brukt til og lokka  gamle treningskameratar med på turen, og sjølv om eg prøvde og pakka inn turen i fint papir så var svara som følgande/tvetydige : Muligens, høyres fint ut, tja, skada både her og der, osv.

Men kva kan ein forventa av middelaldrande menn som har tynt kroppen med hard trening heile livet-skavankar frå topp til tå utan tvil.

Turen låg lenge og ulma på kontoret, før plutselig ein dag  med 30 + grader og klokka passert 13.00, at galskapen  kom sigande og eg brått stod på Heio.

Kona kjørte heim og eg stod igjen væpna med 4 drikkeflasker,ein Xl1 gelepakning og Turkart 1:50 000. Snakkast kl 20.00 sa eg utan og ha det minste snev om kor lang tid det tok.

Som vanlig hadde eg forbannt meg på at fjellet skulle takast  og ingen gåsteg skulle brukast før eg såg mannen med ljåen.

Punkt 1. var kattnakkjen som heller var ei bratt oppvarming som var eitt varsku på kva som var i vente. Vel oppe på toppen var det og skrive seg i bok nr.1 og kasta seg utfor på vestsida med kurs for Martebrotet.

Vel framme tenkte eg at det var på tide og kutta litt og sette rett Vest med kurs for Store Tjønadalen for og treffa Turløypa til Mehammarsåto. Utstyrt med Joggesko (Asfalt) var det ingen god ide då eg vart Bambi på isen i nokre loddrette myrdrag og likna vel mest på svarte Per då eg var nede i Dalen.

Vel etter og fått skylt av det verste begynte eg på oppstigningen mot Steinfjedlet sprang eg forbi Hr.Taxt (Nordbygdar), og han sa ”God fart du held i dag”, mens eg påfølgande grynta at turen knapt var begynt.

Det var ingen snø og sjå på veg mot såto denne gang så tydleg at finveret hadde vart ei stund no. På såto så var topp nr 2 var det å skriva seg inn i bokji og sikta seg inn mot Mosavatnet.

Dette blei den finaste traseen på turen, og flott tursti og terreng på østsida av Mosavatnet – Der skulle me absolutt hatt eit fjellkart. Det ser mest ut som ein uklypt golfbane.

No begynte det og bli steike varmt, og det var her eg oppdaga at eg hadde mista eine drikkeflaska i dei halsbrekkande stuntøvelsane ned mot Tjødnadalen.

Dog var det ikkje så farlig, då Stordafjellet er fullt av reint vatn.

Her sparng eg og forbi to forvirra turgåare som prøvde og lesa kart, uansett hadde eg litt bedre teknikk på det og suste forbi.

Då eg passerte Sør for Kvednavatnet so låg Storavatnet for tur, og eg kjente eg hadde vore ute i +30 ganske så lenge.

Eg drømde om eit stort bad i Storavatnet då det opna seg mot meg. På veg ned mot vatnet hadde eg omtrent både buksa og skjorta av, då det kom ein djevel (muligens Fitjarbu) ned frå himmelen og ropte Drikkevatn! -Kan ikkje bada her. Alltid ska Fitjarbuen ha siste ordet.

Egentlig var eg på veg mot Beinatjønnvarden som var topp 3 så det var ikkje lange biten att.

Dog kom det ein sterk Psykisk smell opp dei seige myrlendte bakkane der, då badeturen hadde gått bokstavleg tala dukken. Dei første gåstega var eit faktum då eg på veg mot Varden tok feil av turløypa og merking av Vindmølleparken og fekk gyngande myr under beina-eg hadde tapt.Eg lurte ei stund om eg skulle samle sammen alle stikkene og legga dei med varden siden dei hadde ødlagt turen for meg, då eg kom til og tenka på at eg ein gong hadde vore motstandar av Trekantsambandet , men no tykkjer det er svære greier - så eg lot vera.

Det var ikkje so verst med trekant allikavel , og da synst vel dei fleste- så muligens vindmøllepark er bra og –NOT.

Vel framme med Varden Stod eg og såg på turkartet og syns det såg vel langt ut til Vekstlinuten. Eg stod og skua ut over Olsjørna og såg kraftlina som gjekk sørover mot vekstlia.

Eit lite øyeblikk tenkte eg at den snarveien så fristande ut – det såg rett og slett ut som fint fjellterreng oppe frå varden

Eg begynte og springe i rak line ,men måtte berre kapitulera og svinga inn på anleggesveien ved Olstjørna- då risken for sprekk vart for stor i varmen.

Den gamle planen var teken fram igjen og eg sikta mot hovudvegen ved Rimbareid- dog fant eg ein del handfull med flotte bringebær på vegen ned som eg slafsa i meg. Akkurat då var ikkje tida inne for og sjekka om det var makk eller lignande i dei det hadde berre vore bra uansett.

Eg tutla meg bortover mot Tveitasaga og gjekk/sprang- no byrja eg og kjenna det gitt.

Saga kom heldigvis fortare enn beregna , men eg var rimelig tørst då sola steikte og det berre var asfaltvei og sjå så langt auga rakk

Då eg passerte Joker eller var det Kiwibutikken ved innkjøringa til koløyholmen hadde eg seriøse planar om og spørre om kreditt på diverse drikkevarer, og om dei svara nei var evt. ran einaste mulighet.

Dog tok eg til fornuft blinda igjen og furta vidare.

Planen var no og ta Vekstlinuten frå Sør-Øst, men i iveren til og kutta så drog eg inn på ein vegstubbe frå vest og rett til himmels. Det føltes i alle fall sånn for vegen slutta midt i ein skog av bregner som rakk meg til brystet og det føltest som ein burde hatt kurs i klatring .(litt overdrive,men ikkje heilt).Eg tok ut ein slags kurs i frå Bregnene opp igjennom ulendt bratt jungel , knausar og diverse og håpa på å treffa Nuten noko lunde.Heldigvis traff eg ca 100 meter på sida og kunne cruisa bort og skriva meg i boka på punkt 4.Der var det utrulig fin utsikt og Xl1 gelen kunne etter 4 timar slukast, men noko herremåltid var det absolutt ikkje. Dyvikesåto som er topp 5 og siste på topptrimmen hadde eg vert på før så den var ikkje i planen denne gang. Av praktiske årsaker (dog litt lengre enn til D.såto) så var planen no og nå Prestavarden. Optimistisk med inntakt av gele såg eg fram til neste vannhol som er trebrua sør for svalevatnet.Med turkartet i nevane så kutta eg rett på og skulle passera ei myr, men fant for ut at eg passerte både 3 og 4 store myrar og 50 000 kartet var ubruklig til slikt. Eg traff store fjellknausar eg ikkje hadde sett før og lurte ei stund på om eg såg syner, men fulgte intuisjonen og traff rett på trebrua der eg letta kunne fylla flaskene igjen.

Eg kunne NO sjå prestavarden og turen opp dei slake kneikene var naturlig nok tyngre enn vanlig, men med eit slags trav/galopp nådde eg varden og fekk ført meg inn i boka.

No var det og venda vidare østover og følgja prestatråkket til vatnadalen.

Det blei en del kluss då eg tok ein strafferunde på ca 15-20 min før eg fant merkinga ned mot dalen-ikkje ideelt akkurat.

Kyrkjefolket i gamledager har i alle fall vert spreke og makan til uhamslig sti (prestastigen) skal du leita lenge etter i alle fall på sommarøya.

Heilberga ned både den og vatnadalen hadde eg minst to blå tær og vonde bein, men eg såg lyset i tunnellen no og via Vad og Rommetveit klarte eg og karra meg heim dei siste 5 km.

Vel heime opna eg porten vrengte av meg skorne og labba dei siste 80 meterne i nyklypt gras-berre det var verdt turen.

Klokka var 20.00 og ca 6+ timar tok heile turen.

Noko til etterfølgelse?

 

Kenneth

 

Fine Stord-resultat i Hamla GP i Samnanger

JH 18.08.2008

Edel og Brage vann kvar sin klasse. Fine resultat også av Kenneth, Sindre og Råmund.

Laurdag starta haustdelan av HOK rankingen med løp i Samnanger i 20 grader og strålande sol.

 

Her viste unge Brage fine takter med ein klar første plass i H 11-12 N. Av strekktidene ser me at han var i tet frå start til mål. Dette viser stødig og god orientering Brage. Flott !

 

Brage sin eldre bror Sindre gjorde og sine saker bra med ein tredje plass i H 13-14, kun 57 sekund frå første plassen.

 

Edel vann D50 klassen nærmare 2 minutt før nr.to i klassen , ikkje ukjente Ranveig Solli frå Askøy.

 

I H 17-18 klassen viste Råmund med sin 4 plass at han kan være ein medaljekandidat i KM førstkomande helg.

 

I den gjevaste klassen H19L kom Kenneth inn på ein 4 plass , 4min. og 20 sek. bak vinnaren Vidar Schei frå Viking TIF.Er ikkje mykje det, når vinnarida var tett opp mot halvannan time.

Med til soga høyrerdet at alle i klassen bomma på første posten ! Grunnen var ein feil på kartet som tydligvis ikkje stemte heilt med terrenget.

Med seks bestestrekk i løypa var det faktisk Kenneth som vann "strekktidskampen " med flest bestestrekk - dog delt med ein annan i klassen, men ikkje vinnaren. Han hadde kun fem bestestrekk. Slike positive ting er gode å ha med seg til neste helgs KM.

 

http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?id=25404

Sørlandsgaloppen 2008

GT/JMB 13.07.2008

Flott innsats av Stord sine orienteringsløparar under årets Sørlandsgalopp.

På biletet ser me nokre av deltakarane frå Stord: Morten Bratseth, Malena Soto, Ane Agdestein, Helene Westerheim, Margrethe Torsnes, Victoria Westerheim, Tove Vikanes Agdestein, Geir Torsnes, Kenneth Westerheim, Jon Magne Bratseth og Torleiv Agdestein.

 

På løpets siste dag stilte ikkje mindre enn 14 løparar, inkl klassen for småtroll, til start. Etter at alle 6 løpa var unnagjort, der resultata frå dei 4 beste telte i samadraget, vart Kenneth Westerheim vinnar i klassen H35AL. I klassen D13-16N vart Victoria Westerheim nr 2 og Margrethe Torsnes nr. 3. Helene Westerheim tok ein fin 5. plass, medan Malena Soto og Ane Agdestein delte 11. plassen. I klassen H14 vart Morten Bratseth nr 10.

 

For ytterligare info og resultat frå årets Sørlandsgalopp sjå: www.sorlandsgaloppen.no

 

Bjarthe, Sindre, Edel og Silje KM-vinnarar på Voss!

LHF 19.06.2008

Bjarthe Westerheim vann KM Mellomdistanse på Voss 7. juni i den sprekaste klassen, H17. I tillegg kapra Sindre L. Hovden sigeren i H13-14, Edel Slettemark vann D60, og Silje Hovden vann D17N.

Bjarthe heldt unna for dei 40-50 konkurrentane i klasse H17, med Per Arne Aadland frå Samnanger IL 13 sekund bak som argaste konkurrent. Det var heilt i starten av løpet at Bjarthe fekk sikra seg det turvande forspranget som konkurrentane ikkje klarte å jamna ut.

Sameleis var det med Sindre. Han opna svært sterkt og leia med over minuttet alt på første post. I mål var han 1 minutt og 23 sekund føre nr 2, Mads Claussen frå Fana.

Edel parkerte konkurrentane sine i D60 og mannen Steinar følgde opp med ein flott 2. plass i H60. Fin innsats også av Silje Hovden som vann D17N.

 

Arild Aasheim og Kenneth Westerheim dominerte ”Kristtornhelga”!

LHF 06.04.2008

"Kristtornhelga” 4.-6. april på Stord med KM-natt, Per Magne Kyviks minneløp, Sparebankløpet og Kristtornløpet, er no over. Gode resultat av Kenneth Westerheim, Asbjørn Rafdal, Sindre L. Hovden og Morten Bratseth.  

Ein kjempeflott innsats av funksjonærstab og støttespelarar må også nemnast, samt stor velvilje frå grunneigarar i området som la alt til rette for at det skulle bli ei vellukka O‑helg.     Resultat m.m. finn du her

 

Kenneth og Jacob med konkurrentar i fint driv i Per Magne Kyviks minneløp.

 

Arild Aasheim gjentok fjorårsresultatet og vann like godt Per Magne Kyviks minneløp også i år, samt H21 i Kristornløpet sundag.

 

 

To komande kanoner, Asbjørn Rafdal og Morten Bratseth i eit spanande spurtoppgjer i Per Magne Kyviks minneløp. Det enda med flotte plasseringar (5. og 6. plass)!

 

Håkon Westergård var berre sekundar frå å ta førsteplassen frå Arild i Per Magne Kyviks minneløp, og blir nok ein løpar det skal bli vanskeleg å slå.

 

Odda med treningssamling på Stord 29/2-2/3 2008

LHF 02.03.2008

Spreke Oddingar, med Rolf Atle Rolfsnes som primus motor, arrangerte treningssamling på Stord. Sjølv om været i år, (som i fjor), viste seg i frå ei lite gjestmild side, let ikkje Oddingane seg stoppa av den grunn.

 

 

Rolf Atle instruerer deltakarane før morgontreninga frå Vad på laurdag. Rolf Atle hadde vore på Stord i vinterferien og lagt ut ei mengde postar. Frå Vad var det lagt opp til ei momentløype, (sjå kart), der ein fekk øva på ”kun høgdekurver”, ”linjeorientering”, ”kompasskurs og skritteljing”, og vanleg orientering. Tøffe deltakarar gjennomførte trass i ”det suraste været som tenkjast kan” (temperatur ned mot 0, vind og klissblaute myrar). Det var nok mange som var glade når blodsirkulasjonen kom tilbake i tær og fingrar etter denne økta.

 Fredagen var me og nokre Stordløparar som heiv oss med på litt nattrening i Landåsen, og me syntest dette var svært kjekt ”etter gammalt”.