Treningar 2007

 

Laurdag 15. og sundag 16. des. 2007

Fredag 23. – sundag 25. nov. 2007

Fredag 9. – sundag 11. nov. 2007

Fredag 2. – sundag 4. nov. 2007

Fredag 26. – sundag 28. okt. 2007

Fredag 19. - sundag  21. okt. 2007

Fredag  12. – sundag 14. okt. 2007

Sundag 4. feb. 2007

Laurdag 3. feb. 2007

Fredag 19. - sundag 21. januar 2007 – HOK/ROK jr. samling

Sundag 7. jan. 2007

Laurdag 6. jan. 2007

 

Laurdag 15. og sundag 16. des. 2007

Laurdag 15. desember

Me prøver et terreng som knapt er nytta i o-sammenheng siste 20 åra. Eit natt o-løp og eit treningsløp går ryktene på er det einaste som er prøvd her. Me møter ved nye Sagvåg skule som ligg der starttrekanten er teikna inn i vedlegget. Jarle kopierer opp kart, ta med plastlomme sjølv. Løypa er ca 3.1 km. Dei som ikkje er mette kan ta ein nedjogg opp på utslettefjellet frå ”den lette” sida der eg har teikna ein strek.

Frammøte er kl 13.30 for dei som vil ha sosial omgang . Mest mogleg oppfordras til å møta til dette tidspunktet, men ved å sende kartet på mail har ein også moglegheit å nytta løypene ved eit seinare/tidligaer høve om det ikkje skulle passa lørdag

 

Sundag 16. desember

Langtur, frammøte Øvre Økland . Samme frammøte som dei siste gangene . Dette er eit fint utgangspunkt i hjerte av øya og me kan velgja turar i høgda eller i ønska himmelretning i lavlandet

Fredag 23. – sundag 25. nov. 2007

Laurdagstreninga - under er kart til dei 3 treningsløypeforslaga. Den første løypa er ei løype laga til ei treningssamling tidlig på 90 tallet då Sandnes kjørte Tiomila-uttak, dei 2 andre er de 2 siste års rankingløp med samme utgangspunkt. Her har ein høve til å testa seg mot de siste åras form eller kjøre ei ”nøytral” løype (eller 1 sløyfa av den)

Frammøte er kl 13.30 for dei som vil ha sosial omgang . Mest mogleg oppfordras til å møta til dette tidspunktet, men ved å sende kartet på mail har ein også moglegheit å nytta løypene ved eit seinare/tidligaer høve om det ikkje skulle passa lørdag

 

Søndagsturen  - underteikna er ennå skada så spelar ballen vidare til Jarle om organisering. Øvre Økland (ved krysset  tr.veg mot stuva) er frammøte . Planen var å leggja turen opp forbi Ravatnet rundt Hovtrongsvatnet og rundt til Tysebotn – Fjellstova – Vatnadalen . Om været er dårleg er det dog ingen problem å leggja den i lavlandet med det utgangspunktet

Vel Møtt        Ps: underteikna er på Gol i helga og prøver å restutierere seg til den komande sesongen.

Bjarthe

 

 

Fredag 9. – sundag 11. nov. 2007

Fredag møtte om lag 10 sprekingar til tur på stiar frå Vabakken. Oddmund losa oss denne gongen via Tveita over til Langeland skule, deretter vest av Skjephaugsvatnet, vidare vestover nordom Heiane Sag på småstiar til med kryssa vegen vest av Meatjødn. Så drog me over til E39, men heldt oss på nordsida og kryssa over i retning Kroktj. Me snudde og drog innom Valvatna-feltet, men drog vest-nordvest på kjerrevegen og opp på riksvegen. Vidare innom ”gamle bosdungen”, over til Mortj., og avslutta inn via sørenden av Landåsvatnet og tilbake til Vabakken.

 

Det var kun  Ole og Jarle som møtte på laurdagens trening. Tipper det var nysnøen som skremde nokre av dei som ellers ville ha møtt. Snøen gjorde nok sitt til at løypa blei temmelig skummel å hanskast med  reint løpsmessig ,då det var glatte parti under snøen me ikkje la merke til før me låg langflate bakken.

Første del av løypa gjekk i eit område der stormen sist helg tydelig hadde sett sine spor. Trea var knekt av som fyrstikker , og i fleire områder der løypa gjekk ,var det umulig å komma seg forbi ..måtte rundt ! Blei langt det etter kvart.

Alt i alt var det ei veldig god økt med fokus på det O-tekniske . ( Ole fekk forresten "tunnellsyn "på slutten av økta,  noko eit av bilda viser godt :-)

 

Sundag stilte Jarle, Oddmund og Lars Harald på Vabakken. Me tok stiane over mot Lønningstj., men snudde så rett austover opp i Knutsaåsen. På vegen traff med Andreas G. P. som slo følgje me oss. Me drog via Kattatveit ned til Ådland bru, og kryssa opp til Prestegardsskogen. Her skildest me. Jarle og Andreas ville ha ein kortare tur, medan Oddmund og Lars Harald for via Golfbanen og opp vest av Lundeåsen ned til Vad. Derifrå myr/sti til Vatna og over til Stua og attende til Landåsvatnet og Vabakken.

 

Fredag 2. – sundag 4. nov. 2007

Fredag møtte 14 sprekingar til tur på stiar frå Vabakken, over til Heiane Sag via Skjephaugsvatnet, vidare til Tømmervik – Valvatnavågen – Heiane Sag - Vabakken. 85 minutt?

 

Laurdag

Fantastisk terreng frå Fjellstova i dag oppunder tregrensa. Fin bånn og masse dyretråkk og intresante o-tekniske utfordringar. Bekken gikk greit å kryssa begge veier. Eit must å springe gjennom denne ved eit senare høve om du ikkje fekk sjansen i dag. Jarle og Jon Magne B. var på plass og det same var Ann-Marie. Underteikna fullførte også i regnklær og støvlar

 

Sundag

Bjarthe: Då dei fleste anten er på fest, er skada eller på spaweekend blir det ingen fellestrening sundag.

Men - Jarle let seg ikkje stoppa:

Idag vakna eg til sol og kjempefine treningsforhold. Det fine veret gjorde at eg fekk eit innfall om å springa over fjellet frå Rydlandssago til Leirvik. Kåno kjørte meg ftil startpunktet , og brått var eg igang med dagens treningstur !

Det bar først oppover ,via Fuglatjødno til Prestavarden .( 422moh ) Ein tur som tok ca 34 min.

På vegen oppover merka eg at det var is på dei små vatna eg passerte. Føltes ikkje kaldt i motbakkane likevel...

Derifrå ville eg prøva å springa i sør -austlig retning over Kløvfjedlet ( 518moh ) for deretter å treffa Prestastegen.

Prestastegen er ein kronglete sti som går til Vatnadalen. Var før i tida  ein av vegane mellom Stord og Fitjar

Starta ut frå Prestavarden og prøvde å finna stien som ville føra meg mot Prestastegen . Var ikkje lett å finna ,så eg sparng mykje av tida ved sida av der stien trulig var. Holdt på å gje opp då eg fann nokre små vardar som sto etter kvarandre i retning der eg sku. Følgde vardane og sku du ikkje sett , eg traff rett der stien i Prestastegen gjekk ned !  Veldig bratt sti dette ! Måtte ta det veldig med ro for å ikkje få ein skade .

Gjekk fint , så etter ei stund var eg nede på skogsvegen som går mellom Ravatnet og Inntaks dammen i Vatnadalen.

Rett før dammen tok eg skogsvegen som går sørover eit stykke . Bøyde så av og "slapp " meg nedover til Ulvatjødno .Frå Ulvatjødno tok eg via Stuva og heim til Myraskogen. Rolig og flott tur på ca 2,30

Fredag 26. – sundag 28. okt. 2007

Fredag møtte 11 sprekingar til tur på stiar frå Vabakken, over Landåsen, via Stuva, rundt Øvre Økland (vest for – nord for – aust for ) med retur Stuva – Landåsvatnet. 85 minutt.

 

Lørdag 27 Okt Rødkleiv - 13.30: Om det er skitver så kanskje me teikner karta nede ved bommen ,om det er brukande møter me inne ved Grasbanen. Eg lagar ei treningsløype opp og ner kvar si sida av Stordalen.(ingen postar i skogen) Skal prøve å få til mest mogleg ubrukte traser i o-sammenheng sjølv om det kan bli en del klatring av den grunn.Alle tar med seg eit kart av Øvre økland 1:12500. Dei som ikkje har kart sjølv må gi beskjed slik at me kan få tak i ekstrakart Lørdag møtte 4 stykke i eit forrykande regnvær (Oddmund, Ann Mari, Kenneth , Bjarthe) Løypa gikk opp og ned kvar si side av Stordalen i nye trasear ikkje brukt i o-løp tidligare. Gutane sprang i lag og testa ulike vegval osv. Spennande å komma inn i nye terrenglommer for oss så har sprunge i 30 år i dei fleste plassar på øya. Ein del var på dugnad denne ettermiddagen og hadde ”gyldig fråvære”. Sjå kart under.

 

Søndag drog Harald, Bjarthe, Oddmund Jarle og  Lars Harald ut frå Valvatnasvingane til Vassenden og vidare til Isdal. Her drog Jarle og Lars Harald på myrane over til Stuva og vidare til Mortj., til Røyrtj. og attende til ”Bosdungen”. Medan Bjarthe & co kunne rapportera at oppe i Rødkleiv var trebrua losna i den strie flaumen og at vatnet stod heilt inn i granskogen på begge sider. Det tyder på at det er nokre år mellom kvar gong det er slik vassføring, og dei måtte gi seg og kryssa elva nede ved bommen.

Fredag 19. - sundag  21. okt. 2007

Fredag møtte nok ein gong ein god mix av syklistar, langrennsløparar, friidrettsløparar og o-løparar, men flest syklistar. Turen gjekk via Landåsvatnet – Skjephaugsvatnet til Heiane sag og vidare til Tømmervik, så i retning Digernes, men med vending over til Valvatnevågen. Derifrå attende til Heiane sag og retur til Vabakken. Nok ein fin tur med fine tilhøve og høvisk framferd.

 

Laurdag møtte det 9 sprekingar til O-trening. Frammøte var sør for Førlandskrysset. Løypa gjekk i Lundeåsen og var på ca 4 km, men kunne kuttast ned til ca 2,5 km. Løypa var lagt mest mulig  på langs av høgdekurvene, for ikkje å bli altfor hard, verken for gammal eller ung! Kenneth møtte forøvrig sundag og lurte på kor me var ...ein dag for seint ...men, men Keneth er Kenneth. Sjå kart under.

 

Oddmund viste gryande O-løps form og var som venta den som hadde størst fart  på treninga idag. Ein annan spreking som har merka seg ut allerede er unge Jan Henrik Kyvik. Han har møtt på dei to første treningane. Flott innsats Jan Henrik!!

 

Dei som møtte sundag var Oddmund, Harald, Lars Harald og Jarle. Turen gjekk frå Hetlesæter -via Tussen ( rett nord for der me tok inn på lysløypa) - Lundarstøl - Fjellstova -Stien frå Fjellstova til Vatnadalen , ned langs vegen eit stykke og så inn skogsvegen i retning Hauglanskvedno. Skogsvegen kryssa Tverrelvo etter ei lita stund. Der stoppa me litt for å ta eit bilde. Traff ein turgåar,  Arne Njøsen, som tok bilde av oss.

Turen vidare gjekk via Hauglandskvedno og langs div skogsvegar og stiar tilbake til Hetlesæter. Gruppa blei splitta rett etter Hauglandskvedno. Oddmund og Harald tok seg ein litt lengre tur, mens Lars Harald og Jarle (sistnemnde var tydeleg prega av Branntapet lørdags kvelden) tok ein litt kortare tur. Totalt hadde Jarle og Lars Harald ca 95 min, mens Oddmund og Harald hadde ca 109 min.

 

Foto: A. Njøsen

 

Fredag  12. – sundag 14. okt. 2007

Fredag møtte 14 stykker .Det var en mix av syklister, langrennsløpere ,friidrettsløpere og o-løpere. Turen gikk opp til Øvre Økland og attende

 

Laurdag møtte 6 ivrige til o-teknisk trening på Hetlesæter. Stord mest spennande o-terreng med sitt kurvebilete i skråliane, lite undervegetasjon og dyretråkk. Sjå kart under.

 

Søndag var det 3 ivrige som tok samme tur som i fjor fra Rydlandssaga over Prestavaden og en runde innpå fjellet. Jarle hadde med seg fotoapparat (Se vedlagte bilder). Det var tett skodde på toppane så ein stabil sørausteleg vind var fint å ha å orientera seg på i de høgste områda. Som venta slutta det å regne kl 11 og holdt seg opplett under heile turen.

Bjarthe

 

 

 

 

Sundag 4. feb. 2007
Søndag kl 11

Me møter ved Grov første parkeringsmulighet om en kommer sørfra på venstre side. Så springer me samme turen som sist søndag der Kenneth og underteikna møtte. Det går på nedsida av hovudveien på traktorveg til Agdestein der me krysser veien og følger nye grussti opp til Hetlesæter og følgjer deretter stien dei i gamle dagar gjekk opp på Heio . Her kan me som sist svinga oss rundt på nedsida av "steinen på bakre Heio" over uføro og så tilbake  igjen ned forbi lundarstøl , eller me kan ta ut i ein annan retning etter ver ,vind ,frm og føreforhold.

 

Laurdag 3. feb. 2007
Laurdag 13.30

Frammøte Dalheim, samme stad som tidligare i år. Me spring æresrunden fra 1998 3 oktober 4537 meter. Dei som hverken har kart med løypa på eller andre kart av"Øvre Økland" må melda i frå til underteikna i rimlig god tid på førehand

 


Fredag 19. - sundag 21. januar 2007 – HOK/ROK jr. samling


HOK + ROK hadde junior treningssamling på Stord 19.-21. januar. Fredag kl. 19.30 nattrening frå Hystad skule. Laurdag 10.30 frammøte ved Vasstasjonen / lysløypa før Fjellstova. Laurdag kl. 14.30 frammøte ved Skjephaugsvatnet. Sundag kl. 10.30 frammøte ved Agdestein. Bildet er frå starten ved Agdestein. Ca 30 stk. møtte frå Hordaland og Rogaland.

 

 

Sundag 7. jan. 2007
Søndag kl 11

Me møter ved rundkjøringen nede i valvatnafeltet( kan parkera der inne på graset eller oppe hos meg). Me spring først ein runde ut på det "fine" området ute på digernes før me hopper over i Sætrevik og Almåsskogen på vei tilbake forbi Valvatnavågen. Så ser me an tida om det blir ein runde på mindre vanlige stiar i landåsen til slutt

 

Laurdag 6. jan. 2007
Lørdag kl 13.00 (merk tid)

Me møter i løa over fjellgardskryssen der Jarle sin bror skaffer oss ein tørr plass å bytte. Dette er samme stad som tidligere i høst

Jarle lager ei løype i nærområde og printer ut kart til oss. Merk starttida som er 30 min tidligere enn vanlig grunna at nokon av oss vil ha med oss innspurten på "Tour de ski"