Kristornløpet, Per Magne Kyvik's minneløp og Sparebankløpet 2006

 

Sundag: Rune Nygaard, Gular, vinnar av H21, Randi Hole, BT, vinnar av D19.

Rune Nygaard vann ein ”oppskriftsmessig” siger i klasse H21 med talentet Morten Westergaard eit par minutt etter. Randi Hole vann klasse D19 eit par minutt føre Sissel Hovda, Haugesund. Av Stord sine eigne løparar var det særleg i klassen H11-12 vi markerte oss, med siger til Asbjørn Rafdal og med Sindre Hovden og Jakob Saghaug på dei neste plassane. Edel Slettemark vann dessutan D50. Resultat finn du under her

 

Resultatlister Kristornløpet

Strekktider Kristornløpet

 

Laurdag: Truls Corneliussen vinnar av  Per Magne Kyvik’s minneløp 2006!

Den råspreke Kvernbit-løparen såg ikkje ut til å vera særleg hemma av å ha runda eit halvt hundre år i år. Han heldt unna for ei rad med H-14 og H15-16 løparar. Nærast var Håkon Westergård, Varegg, som følgjer i storebror sine fotefar og er ein av dei beste H13-14 løparane i Noreg. På 3. plass følgde Kenneth Kira Alvsvåg.

Fjorårsvinnar Andreas Polden, Stord, har rykka opp ein årsklasse, men gjorde ein solid innsats med sin 5. plass bak ein annan H15-16 løpar, Andreas Magerøy frå Førde IL. Sissel Hovda frå Haugesund IL vart beste dame med ein 9. plass totalt. Resultatoversyn finn du under her

 

Resultatliste Per Magne Kyvik’s minneløp laurdag

Resultatlister inkludert Sparebankløpet laurdag

Strekktider laurdag

 

 

Stord IL Orientering ønskjer alle våryre O-løparar velkomne til ei ny, fin O-helg på Stord, og til opning av det nyreviderte Landåsen-kartet.

Laurdag er det Sparebankløpet for nybyrjarane og dei yngste, og ”thrilleren” Per Magne Kyvik’s minneløp for alle andre, sjekk omtale på Orientering på nett.

Sundag er det Kristornløpet med normaldistanse, som også i år er første Kretsrankingløp i Hordaland.

 

StartListe Kristornløpet sundag

 

( Startliste Per Magne Kyvik’s minneløp og Sparebankløpet laurdag )

 

Innbydinga finn du her

 

I Per Magne Kyvik's minneløp konkurrerer alle løparar mot kvarandre og 1. løpar i mål er vinnar. Eit handicap-system med ekstra postrundar for ulike klassar, sørgjer for at spenninga er på topp heilt til mål. (Nybyrjarane har vanlege løyper utanfor denne konkurransen.)  I 2005 vart det Andreas Polden, Stord, som vann Per Magne Kyviks minneløp i knallhard sekundstrid med Øyvind Valen (Varegg), Håkon Westergård (Varegg) og Fredrik Omdal (Ganddal). Kven vinn i år – blir det ung eller gammal, jente eller gut, dame eller mann?