2006 – Stord IL Orientering

Nyhende 2006

Æresrunden - Bjarthe vann A-lang, Magrethe vann N-Nyb

Barneidretten – 38 stk. prøvde seg i ei nybyrjarløype i Landåsen!

Sindre og Ann-Marie kretsmeistrar i Mellomdistanse!

Odda-turen ein suksess!

Ann-Marie vann D55 samanlagt i Pinseløpa på Kongsberg.

Bjarthe Westerheim med 3.plass i KM Sprint 13. mai

KM stafett 7. mai – siger i klasse D135

Kristornløpet, Per Magne Kyvik's minneløp og Sparebankløpet 2006

Nybyrjarkurs - både for unge og for vaksne

Innteikning av O-løyper med PC

 

Nyhende 2006

Æresrunden - Bjarthe vann A-lang, Magrethe vann N-Nyb

24.09.2006

Via Resultatservice-menyen finn du resultata frå Æresrunden, samt kart med vegvala til dei fire løypevinnarane. Her følgjer nokre kommentarar.

Bjarthe klaga over magesmerter under løpet laurdag, men det kan ikkje ha sett han nemnande tilbake i høve konkurrentane når ein ser resultatet. Bjarthe summerte opp følgjande småbomming (sjå strekktid og vegval): Møtte ein post i granskogen på veg til 1. Trudde dette var 12. posten og drog difor litt langt til venstre opp til stien. Tap 20 sek. Vart sjølvsagt lurt av løypeleggjaren sitt "lureri" på 6. posten, kor posten var ("gøymd") oppå skrenten. Konkluderte med at posten ikkje var der og begynte å springa vidare (etter litt ekstra sjekking) då eg oppdaga posten bak eit tre oppå skrenten. Tap 30-40 sek. Kom for langt aust på stien ned til siste post og måtte tilbake mot Tveitavatnet. Tap 15 sek. Eit morosamt poeng at Bjarthe og Kenneth hadde heilt lik strekktid til 4. post, der Bjarthe sprang rundt til høgre, medan Kenneth sprang over Landåsen. På dette strekket fekk imidlertid Bjarthe betre høve til å planleggja dei neste strekka, ettersom hans vegval gav mykje enklare(!) trasse. Merk at Råmund hadde best strekktid til 5. posten(!)

I B-kort var det Geir Torsnes (strekktid og vegval) som tok skalpen til konkurrentane (- Karl Ingvald var ikkje med ;-), og Morten Bratseth vann C-kort (strekktid og vegval). I N-nybyrjar dobla Margrethe suksessen for familien Torsnes. Ho valgde det tryggaste (og raskaste?) vegvalet til 4. post (strekktid og vegval), og kontrollerte skrenten ved innløpet til 7.post, og i motsetnad til fleire av A-løparane hadde ho ikkje tidstap til siste posten(!)

Legg også merke til den kraftige strekktidprogresjonen til Asbjørn Karlsen, som var lokka ut på djupt vatn (her: grøne granfelt) av svoger Jarle. Denne mannen har potensiale.

Barneidretten – 38 stk. prøvde seg i ei nybyrjarløype i Landåsen!

18.09.2006

38 friske sprekingar suste rundt i Landåsen på jakt etter O-postar i kveld, måndag 18/9. Dei var flinke og fann postane!

I dag stilte det 38 Stk på  barneidretten . ( Var uråd å samla dei til eitt bilde. Dei fauk rundt som villsauer over alt....hehe ). Dei kom frå Langeland , Leirvik og Hystad skule.  Bjørn hadde laga ei fin  løpe på ca 1.1 km i Landåsen som Åge hadde printa ut i målestokk  1:3000.

Bjørn kunne diverre ikkje møta i dag pga friidrettstemne , men Ole og Jarle tok seg av gjengen, saman med leiarane frå dei aktuelle skulane.

Alle klarte løypa med glans og kom blide og glade tilbake frå skogen. Nokre av foreldra som var med rundt løypa, fortalte undervegs at no hadde dei fått ei ny løype dei kunne gå tur i seinare...

Flott,  ikkje sant!

Sindre og Ann-Marie kretsmeistrar i Mellomdistanse!

16.09.2006

Sindre L. Hovden (H11-12) og Ann-Marie Westerheim (D50) vart begge kretsmeistrar i KM Mellomdistanse med Viking som arrangør. Me gratulerer!

To stolte kretsmeistrar 2006 i Mellomdistanse.

 

Odda-turen ein suksess!

16.09.2006

Ca 30 Stord-løparar var med på turen til Odda og Korlevoll-hytta 12.-13. august. Ann-Marie Westerheim vann D50 begge dagar. Margrethe Torsnes vann D11-12N laurdag.

Me budde på Korlevoll-hytta, berre 40m frå målseglet, og koste oss i fint vær og med gode løpstilhøve. Fleire rutinerte løparar sleit likevel litt med postarbeidet og både Karl Ingvald og Kenneth klarde å hoppa over postar i det raske terrenget. Ann-Marie var likevel som alltid sikker og utklassa konkurrentane i D50 begge dagar. Likeeins var det flott innsats av dei yngste. Margrethe Torsnes stilte berre laurdag, men vann då like godt D11-12N. Einar Bauge Helland og Jostein Bergsvåg bytest om å ta 2. og 3. plassen i H11-12N dei to dagane. Tove Agdestein sin 2. plass i D40 sundag, og ditto plassering for Karl Ingvald i H60 laurdag, er begge verd å nemna. Fin 4. plass av Andreas i H15-16 sundag.

Me nytte elles eit roleg liv på hytta med felles middag laurdag og O-bingo om kvelden. Takk for ei kjempefin helg!

Sjå: http://home.no.net/rolfarol/2006/2-dagars.htm

 

Ann-Marie vann D55 samanlagt i Pinseløpa på Kongsberg.

03.06.2006

Ann-Marie Westerheim vann D55 samanlagt suverent i Pinseløpa på Kongsberg føre Sturla-løparen Linda Verde. Andreas Polden fekk ein sterk 6. plass samanlagt i H15-16 etter avsluttande micro-orientering siste dag.

Om lag 900 deltakarar stilte til start ved Pinseløpa på Kongsberg. Ann-Marie Westerheim vann D55 suverent etter å ha vunne både 1. og 2. dag, med 2. plass siste dag nokre sekundar etter vinnaren Edel Slettemark(!). Andreas Polden leverte igjen eit godt løp og tok med det ein sterk 6. plass i den harde H15-16 klassen. Sindre Hovden fekk ein flott 4.plass i H11-12 siste dag. Karl Ingvald fekk 4. plass i H60 2. dag, men hadde mindre klaff i første og siste løp. Stord-løparane melder om flotte løyper, fin samlingsplass og kjempeflott terreng!

Bjarthe Westerheim med 3.plass i KM Sprint 13. mai

13.05.2006

Bjarthe sin 3. plass i H19- vart Stord si beste plassering i KM sprint, der heile 5 av Stord sine 13 startande vart diska!

I tillegg til Bjarthe sin 3.plass, er det også verdt å nemna ein fin 4.plass til Andreas Polden i H13-15 og 3.plass til Sindre L. Hovden i H11-12.

KM stafett 7. mai – siger i klasse D135

07.05.2006

Edel Slettemark (1.etp.), Anne Løver (2.etp.) og Ann-Marie Westerheim (3.etp.) tok ein klar siger i klasse D135 i KM i stafett 7.mai.

I tillegg til Stord-damene sin siger, vart det 3. plass både i H17 og i H13-16. På H17-laget sprang Kenneth Westerheim, Bjarthe Westerheim og Oddmund Roalkvam. Bjørn J. Field hadde 1.etp. på H13-16 laget, med Jacob Hystad og Andreas Polden på dei neste etappane. H135-laget, med Karl Ingvald Westerheim, Åge Hovden og Jarle Halland, kom på ein fin 4. plass.

Kristornløpet, Per Magne Kyvik's minneløp og Sparebankløpet 2006

03.04.2006

Nok ei vellukka sesongopning for på Stord. Laurdag 1. april vart Per Magne Kyvik's minneløp, og Sparebankløpet for nybyrjarane, arrangert i strålande solskin. Sundag 2. april opna Kristornløpet Kretsrankingen i Hordaland.

 

http://ans.hsh.no/home/jh/ostoff/Sesong06/PMK_Krist_Resultat2006.htm

 

Truls Corneliussen, Kvernbit, vann både Per Magne Kyvik's minneløp laurdag og klasse H50 i Kristornløpet sundag. Rune Nygaard, Gular, vann H21 i Kristornløpet og Randi Hole, BT, vann D19.

Asbjørn Rafdal, Stord, vann H11-12 sundag.

Nybyrjarkurs - både for unge og for vaksne

04.04.2006

Første veka i april starta me kurs for unge og vaksne i Orientering. Oppfølgjingsdag vert truleg onsdag 26. april. Legg også merke til terminlista for rekruttrening som no er klar.

 

Første veka i april arrangerte me kurs for unge og vaksne i Orientering. Kurset for vaksne og ungdomar sikta seg inn mot dei som vil prøva tur-orientering eller som vil prøva seg i t.d. C-løypa (eller N-løypa) på tysdagsløpa våre. Kursa for dei yngste sikta seg inn mot barneskulane, frå 5. klasse og oppover. Oppfølgjingsdag blir truleg onsdag 26. april. Sjå også menyen Terminlister for diverse tilbod, bl.a. rekruttrening torsdagar. No har du sjansen til å koma i gang med ein morosam idrett!

Innteikning av O-løyper med PC

08.03.2006

Åge Hovden og Jonny Huse heldt kurs i bruk av Ocad for teikning av løyper.

 

Kurset var tiltenkt alle løypeleggjarar og invitasjonen var gått til klubbane i Sunnhordland. Det var berre folk frå Stord IL som stilte, og 8 personar var litt skuffande få, men kurset var nyttig for dei som møtte!