2005 – Stord IL Orientering

Nyhende 2005

Vikahaugane Idrettspark 10 års jubileum!

KM stafett 21/8-2005 – Spreke gutar!

KM 20/8-2005 – Karl Ingvald vann H60

Sørlandsgaloppen 2005 – Edel Slettemark vann D55

Sunnhordlandmeisterskapen i stafett enda i sekundstrid

Kretsløp/PKK Rogaland- Ann-Marie og Karl Ingvald vann

KM Mellomdistanse Rogaland- Kenneth Westerheim vann

Pinseløpene i Kongsberg - Karl I. Westerheim vann H60

Ann-Marie og Kenneth med gode resultat

Bjarthe og Kenneth tilbake i Stord

 

Nyhende 2005

Vikahaugane Idrettspark 10 års jubileum!

03.09.2005

I strålande sol og med hundrevis av ivrige, unge idrettsutøvarar feira Vikahaugane 10 års jubileum laurdag 3. september.

Spesielt inviterte til dette arrangementet var ungar tilhøyrande barneskulane på Stord. Dei ulike  idrettsgruppene hadde laga til aktvitetar kor borna fekk delta. Dersom ein hadde vore med på minimum 7 aktivitetar, vart ein med i ei premietrekking etter at aktivitetane var slutt.

O-gruppa hadde lagt ut ei nybyrjarløype med 4 postar i området ved stadion. Om lag 180 born var gjennom løypa, samt ein del eldre konsulentar. I strålande sol var det mange ivrige fjes å sjå, og borna var flinke til å finna postane!

KM stafett 21/8-2005 – Spreke gutar!

21.08.2005

Dei to Stord-laga i H13-16 klarde å kapra 3. og 4. plassen, tett føre Fana sitt beste lag, av 9 lag i denne klassen. Eit godt resultat, og kanskje særleg imponerande av 2. laget sin unge Sindre L. Hovden, som heldt tritt med sine eldre konkurrentar.

På førstelaget som fekk 3.plass sprang Bjørn J. Field, Andreas Polden og Ole Halland. To sekund bak kom andrelaget som fekk 4.plass, Jacob Hystad, Sindre Hovden og Råmund Hovden. Me gratulerer!

KM 20/8-2005 – Karl Ingvald vann H60

20.08.2005

I eit krevjande terreng med skråli og mykje ”grønt” på kartet, var det mange som fekk problem med postane nordom Ulven i KM laurdag. Karl Ingvald Westerheim heldt derimot hovudet kaldt og vart Hordalandsmeister i klasse H60. Edel Slettemark fekk andreplass i D50. H15-16 gutane gjorde også akseptable løp.

Karl Ingvald Westerheim viste dei 13 konkurrentane ryggen og vart Hordalandsmeister i H60. Fleire sleit i skråliterrenget nord for Ulven, og uvanleg mange vart diska, eller kva seier du, Ann-Marie? Nokre Stord-løparar heldt likevel ”koken” og her kan kjapt nemnast nokre: Edel Slettemark nr 2 av 8 i D50, Bjarthe Westerheim nr 4 av 17 i H21, Sindre Hovden nr 3 av 16 i H11-12, Andreas Polden nr 6 av 22 i H13-14, Ole Halland, Bjørn J. Field og Jacob Hystad vart høvesvis nr 5, 7 og 10 av 17 løparar i H15-16, og Tove Agdestein nr 6 av 14 i D19L.

 

 

Sørlandsgaloppen 2005 – Edel Slettemark vann D55

10.07.2005

Edel Slettemark famla litt i dei 2 første løpa, men kom knusande tilbake og utklassa konkurrentane samanlagt i D55. Oddmund Roalkvam tok ein sterk 2. plass i H45AL.

Edel vann D55 samanlagt i Sørlandsgaloppen i år. Oddmund tok 2.plassen i H45AL. Me vonar på å kunna få litt meir kommentarar frå Sørlandsgaloppen, men har førebels ikkje meir å melda. Det ryktast likevel at Oddmund braut det eine løpet etter å ha blitt lurt av ei løype-kryssing på kartet slik at han sprang til feil post.

 

Sunnhordlandmeisterskapen i stafett enda i sekundstrid

07.06.2005

Anders Ekse og Ole Halland følgde kvarandre store deler av løypa i den spanande siste etappen i Sunnhordlandsmeisterskapen i stafett.

Ole Halland klarde å pressa ut dei siste kreftene og halda Anders Ekse dei nødvendige metrane bak seg i thriller-avslutninga av stafetten.

Etter første etappe hadde Andreas Polden gitt Will Engelsen eit svært gunstig utgangspunkt. Råmund Hovden var halvanna minutt bak Andreas, men nær 2 minutt føre Jonny Huse på 3. plass. På andre etappen skulle det likevel visa seg at storkanonene nytte godt av det kuperte terrenget mot slutten av etappen. No hadde Oddmund Roalkvam ført sitt lag heilt i tet, men med Kenneth Westerheim hakk i hel. Kenneth og Oddmund hadde hatt ulik gafling og det same fekk difor Anders og Ole. Likevel følgde dei kvarandre like til døra. Dei skulle heller ikkje ha bomma mykje før Jan Ove Øen hadde vorte ein fårleg utfordrar. (Sjå elles resultatservice eller terminlista.)

Kretsløp/PKK Rogaland- Ann-Marie og Karl Ingvald vann

05.06.2005

Ann-Marie vann D50 og Karl Ingvald vann H60 i Hervik IL sitt løp sundag 5.juni.

 

Edel Slettemark og Andreas Polden med kvar sin 2. plass.

KM Mellomdistanse Rogaland- Kenneth Westerheim vann

04.06.2005

Kenneth vann den gjevaste klassen H-17 med ca. 1 min. margin til Arild Aasheim som blei krertsmeister for Rogaland.

Kenneth var den eigentlege vinnaren i H17 i KM mellomdistanse i Vikebygd, der Arild Aasheim vart Rogalandsmeister. Elles hadde Ann-Marie Westerheim og Bjørn J. Field  brukbare løp.

 

Pinseløpene i Kongsberg - Karl I. Westerheim vann H60

16.05.2005

Med 2.plass også måndag vann Karl Ingvald Westerheim samanlagt H60 i Kongsberg.

Ann-Marie og Karl Ingvald Westerheim med 2. plassar sundag. Edel Slettemark med 3. plass laurdag.

Måndag: Karl Ingvald fekk 2. plass også måndag i Pinseløpene i Kongsberg. Dermed gjekk han heilt til topps samanlagt i H60.

Sundag: Karl Ingvald 2.plass i H60, Ann-Marie 2. plass i D50, Edel 4.plass i D50.

Laurdag: Edel 3. plass i D55, Ann-Marie 4.plass i D50, Karl Ingvald 5.plass i H60.

For ytterlegare resultat - sjå Resultatservice-menyen og Andre aktuelle løp 2005.

 

Ann-Marie og Kenneth med gode resultat

01.05.2005

Ann-Marie Westerheim vann Vikesprinten sundag 1/5-05.

Kenneth Westerheim med ein sterk andreplass i KM Sprint laurdag 30/4-05.

Kenneth Westerheim fekk ein sterk andreplass i KM Sprint i Åsane laurdag 30.april. Fattige 9 sekund skilde han frå sigeren. Litt konsentrasjonssvikt ut frå ein post mot slutten kosta han over 50 sekund og dermed glapp sigeren.

 

Ein god Stord-koloni hadde tatt turen til Vikesprinten sundag 1.mai. Jarle hadde tatt med sigerskake (eigentleg konfirmasjonskake) og denne kom til nytte. Ann-Marie Westerheim klinka til og gjekk til topps med klar margin!

 

Bjarthe og Kenneth tilbake i Stord

05.02.2005

Bjarthe og Kenneth Westerheim har no begge offisielt meld overgang frå Gular til Stord. Vi ønskjer dei velkomne!

 

Bjarthe Westerheim og Kenneth Westerheim har begge offisielt meld overgang frå Gular til Stord.

Vi vonar dette blir til inspirasjon både for dei og for Stord IL Orientering. Saman med Oddmund Roalkvam utgjer dei eit slagkraftig stafettlag det vil knyta seg spenning til. Vonleg blir dette også ein inspirasjonsfaktor for yngre løparar i klubben.