Vervekampanjen: "Ut i naturen"

 - No trør me te!

Me har bestemt oss. No må noko gjerast. I tillegg til dei siste par års glimrande innsats med dei aller yngste av rekrutteringsavd. (m. Arne og Mari i spissen), set me i år i gong endå eit prosjekt.

Vervekampanjen "Ut i naturen" er like enkel som den vonleg er effektiv.
Den går ut på at alle skal ta med seg 1 person kvar som ikkje har vore med på o-løp før,eller delteke dei siste 3 åra.

Det ligg eit enormt potensiale her. Mange har nok tenkt tanken ein gong at dei kanskje skulle prøvd seg i o-løypa,vore litt nysgjerrig og glad i naturen. Ein kan rekne med at 9 av 10 av desse aldri kjem seg over "dørstokkmila". Det er her me skal hjelpa dei. Då vil dei få med seg nokon dei kjenner på o-løpet og der er det mange fordeler:

- Dei får då  eit trygt referansepunkt, god hjelp til å bryte ned alle fordommar og barrierar med hensyn til m.a folk, miljø, utstyr og opplegg som gjer sitt til at dei fleste lar det bli med tanken
- Kanskje diskusjonar på arbeidsplassen i onsdagslunsjen over kartet!
- Samkjøyring av transport o.s.b

O-gruppa er meir enn halvert på eit tiår og faren for forgubbing er overhengande. Dei gamle held godt stand (og takk for det), men frå 40 år og ned til 12 år er det tynt i rekkene.
Ein må hugse på at får ein med ein person, så kan han/ho vere ein som skaffer 10 nye, ev. ein ny Arne eller Per Magne. Det kan skape store positive ringverknader.

Sjølv har eg fått positivt svar frå 7-8 personar og fleire av dei er allerede ute i skogen. Her er det muligheter. Naboen, jobbkompisen eller onkelen din likar godt å fiska og jakta. Ta han med!....Ver med og så frø som o-gruppa kan få nytte av i desse ulvetider som står foran oss, der maktpersonane vil verte i prioritert rekkefølge Bill Gates, Bush, Gud og Paven....

For at me skal få litt system i dette og ha eit lite positivt press over oss, vil eg ha med eit skjema ala gubbetrimmen, så ofte eg kan. Der kan ein notera seg antall nye ein ev. har med seg.

Har ein t.d med same personen kvar gong så vert det jamvel eit nytt poeng for kvar start han har utover i sesongen.

På grautfesten vert det trekning av 4 gåvekort frå Sykkel % Sport, der antall startar notert i skjema vil reflektere antall lodd den einskilde vil ha i trekninga.

-Ditta ska me få te...Bli med du og!

for rekrutteringsavd.
Bjarthe