Stord IL - Orienteringsgruppa

 

INVITERER TIL

 

Per Magne’s Minneløp

og                                                                     

SpareBank1 løpet for nybyrjarar

 

Søndag 15. juni 2003

 

 

 

Frammøte:     Tømmervik (den store grusplassen) kl. 12.00

                        Merka frå E39 ved Heiane

 

Parkering:     På samlingsplass

 

Start:              Nybyrjarløype: Valgfri start mellom 12.00 og 13.00.

                        Langløype                   13.00

                        Mellom A og B:           Ca. 13.15

                        Kort:                            Ca. 13.35

                        Målgong:                     Ca: 13.54

 

Kart:               Digernes, 1:10000, utgjeve 2000

 

Terreng:        Variert terreng med lette parti og ein del tunge blaute myrer innimellom

 

Premiering:   Vandretrofé til første person i mål. Troféet vil gå på omgong mellom vinnarane dei neste 10 åra (t.o.m. 2012). I tillegg vil vinnaren få ein nydeleg Per Magne’s minnevase til odel og eige. Det vil og bli premie til beste mann og dame i kvar løype.

I SpareBank1 løpet vert det premie til alle.

 

I tillegg vil ein jury dela ut ein ekstrapremie til ein person som har utmerka seg på ein eller annan måte i løpet, på godt eller vondt…

 

Klassar:         Lang, 7 km:                H17

                        Mellom A, 4,5 km:       H40, H45, H15-16

                        Mellom B 4.05 km:     D17, H50, H55

                        Kort 1,95 km:              Alle andre klassar

                        Nybyrjar 1,75 km:      

           

Merk: Spring ein ei løype ein ikkje høyrer heime i, er det greitt, men ein stiller utanfor ved ei evt. premiering


 

Løpsopplegg:

 

Nytt i år: Eiga løype for D17, H50 og H55 kalla Mellom B. Denne løypa slepp ekstra sløyfe på siste runden medan Mellom A  har denne ekstra sløyfa.

 

Langløypa startar kl. 13.00. Første langløpar inn til runding etter første sløyfa løyser ut Mellom A og Mellom B.

 

På andre runden har Langløypa ei ekstra sløyfe på 600m undervegs i høve til Mellom A og Mellom B. Elles lik trasé.

 

Første løpar inn frå 2. runden løyser ut startfeltet på Kortløypa.

 

På siste runden har Langløypa og Mellom A ei ekstrasløyfe på 500m undervegs i høve til Kortløypa og Mellom B.

 

Første løpar til mål uansett løype er totalvinnar av løpet.

 

Påmelding:    På e-post til bwesterheim@hotmail.com fram til laurdag 14.06 kl. 18.00, elles på løpsdagen fram til kl. 12.15 (merk tidspunkt)

 

 

Startkontingent:       Vaksne            50,-

                                   Under 17 år     25,-

 

Kontingenten skal betalast ved frammøte.

 

 

 

Vel møtt !