Orienteringsgruppa

O-info 1999

Framsida: O-damene i godt selskap under Sørlandsgaloppen. Gerda oppfordra Ingrid Kristiansen til å begynna med orientering, "for då kjem eg sikkert til å slå deg".
 
 

Innhald:
Leiaren har ordet
Tillitspersonar i o-gruppa -99
Bilder frå Sørlandsgaloppen 99
Turorientering
Klasser og løyper
EKT
Løp utanom Stord
Startkontingent egenandelar
Kartprosjekt
Pokalar og trofé på Stord og i Shld
Kretsterminliste for Sunnhordland
Terminliste for løp utanom Stord

Resultat fra 98-sesongen:
Løp utanom Stord
 

Leiaren  har ordet

Dette informasjonsheftet vert gjeve ut kvart år av orienteringsgruppa i ST&I. Heftet vert utdelt til alle medlemmer i o-gruppa og til våre annonsørar og sponsorer. Heftet gjev oversikt over tillitsvalde i o-gruppa, dei løpa som vert arrangerte og kva ein skal møta fram.

Sesongen startar med det tradisjonelle "Kristtornløpet" i slutten av april, der løpet om sundagen tel med i pokalkampen for Sunnhordland/Nordrogaland. Kristtornløpet vert det einaste store arrangementet for Stord denne sesongen.

Aktiviteten i o-gruppa har vore på det jevne det siste året. Det hadde sjølvsagt vore kjekt om fleire unge hadde funne vegen til o-sporten. Likevel får me gle oss over dei me har og eg vonar flest mogeleg av dei eldre tek tid til å gje dei unge oppmuntring til å fortsetje med orientering. Arbeidet på skulane med prosjektet "Trygg i naturen" vil halda fram og det vil  likeeins verte satsa vidare på ungdomsgruppa med sikte på junior-NM  i Odda i år 2000.

Eg ønskjer eliteløparar, aktive, mosjonistar og turorienterarar lukke til med 1999 sesongen. Og hugs: det er ikkje forbode å ta ein ven eller ei veninne med på o-løp.

Helge Brunborg
leiar

Tillitspersonar i  o-gruppa 1999


Styret:

Leiar            (adm)         :  Helge Brunborg       534-13799
Sekretær   (arkiv) :
Oppmann    (o-cup)       :  Ann-Marie Westerheim     534-13924
Kasserar    (økon)          :  Reidar Brevik      534-11654
Styremedlem  (teknisk)   :  Bjarne Børtveit    534-95814
Styremedlem  (kart)        :  Jonny Huse        534-94376
Styremedlem  (turo)        :  Bjarthe Westerheim    534-13868

Andre tillitspersonar:
Matr.forvaltar   :  Steinar og Edel Slettemark, Kårehaugen 3 534-14594
Kartråd  :  Jonny Huse, Bogdehaugen 15, Sagvåg  534-94376
              :  Johnny Aasheim, Eikevn. 6   534-10171
              :  Åge Hovden     534-13657
Turorientering :  Jarle Halland     534-17301
             :  Even Rolfsnes     534-13484
             :  Steinar og Edel Slettemark   534-17301
Rekrutteringsnemnd: :  Arne Bergsvåg    534-13611
             : Per Svein Sakseid    534-14164
             : Marie Aasheim    534-15072
  U.K.    :  Jarle Halland     534-14594
              :  Bjarthe Westerheim    534-13868
              :  Ann-Marie Westerheim    534-13924
Premiering     : Marie Aasheim     534-15072
               :  Kristi Litlabø Bunes    534-14234
Valnemnd        : Styret
Rankingførar    :  Gisle Tjong     534-11716


Frå bibelcampen i Grimstad. Gerda Øen fortel o-soger for Ann Marie og Malene.

Jan Ove fortel soga si til Jonny medan Kalle er interessert tilhøyrar.

Turorientering

O-gruppa arrangerer i år STORA-TRAVEN  for 28. gong.   I år vert  det som før premiering for månadens post (opplysningane vert gjeve i "Sunnhordland").

 Tid:   27. mars- 9. september 1999
60 postar vert fordelte på karta "Leirvik Nord" og "Heio" og "Langeland skule    kart".

Turorienteringsposen med kart og fleire informasjonar kan ein få kjøpe hjå:
   Trygve Dahl A/S, G-Sport
   Sykkel og Sport A/S
   Intersport A/S, Stord senter
   Stord Servicestasjon, Sæ, ESSO
Kontaktpersonar for turorientering er i år: Edel og Steinar Slettemark tel. 534 17301
 
 
 

O-løp på Stord 99

Det vert treningsløp/rankingløp kvar tysdag. Opplysningar om tid og stad står i bladet Sunnhordland mandag før løpet. Sjå også terminlista i dette heftet.

Startkontingenten sesongen 1999 vert:

For rankingløp:
Klassane D-16/H-16 og yngre: Kr. 10,-
Klassane D-17/H-17 og eldre: Kr. 25,
Maks. startkontingent pr. familie: Kr. 50,-
For treningsløp: Alle klassar: Kr. 10.-
Leige av EKT-brikke: Kr 10.-

Løypelengder og klassar i sesongen 1999:
I år blir det ingen endringar frå i fjor. Mellomløypa er gått ut. Langløypa er korta ned noko. Alle klassar som før sprang Mellom spring no Lang med unntak av H35K som er flytta ned i kortløypa. Lettløypa er innført igjen. Vanskegraden i denne løypa skal liggja ein stad mellom nybyrjar og kort. Ein får no løypetilbod i alle dei 4 vanskegradene.

Spesielt til arrangørane av løpa. Hugs
• å setja inn lysing i "Sunnhordland"
• å henta skjermar, postbukkar og kart hjå materialforvaltaren, og levera dette tilbake snarast etter løpet
• å setja startkontingenten inn på konto 3520.07.13085 i Sparebanken Vest adressert til O-gruppa ST&I v/Reidar Brevik
• å levera resultatliste/referat til "Sunnhordland", rankingførar og kretsen v/kretssekretæren
• at lettløypa har passeleg nivå
• at nybyrjarløypa er enkel, går langs ledelinjer, har korte strekk, postane ligg lett synleg på tydelege detaljar. Ei nybyrjarløype er ikkje lett å leggja, så bruk litt tid på den.

VIKTIG ! Ta kontakt med grunneigar m.h.t. samlingsplass/parkering.

Reglar for premiering av rankingløp:

Klassevinnarane har alltid rett til premie dersom dei har minst 310 poeng i klassane under 15 år, og minst 410 poeng i dei andre klassane.
Løparar som har oppnådd minst 550 poeng har alltid rett til premie, uansett plassering.
Løparar som er blant den beste sjettedel av alle deltakarar i klassen og har oppnådd minst 400 poeng, har rett til premie. Alle nybyrjarar som har fullført 4 løp får premie.

Gruppekontingenten 1999

Kontingenten for i år vert:
Medlemmar opp til 17 år kr. 75
Studentar/skoleungdom frå 17 år kr. 100
Medlemmar over 17 år kr. 200
Familiar (born under 20 ar) kr. 400
Støttemedlemmar kr. 200
Kontingenten til hovedlaget skal betalast direkte
Alderen vert rekna fra det året ein fyller 17 år. Kontigenten kan betalast på bankgiro 3520.07.13085, ST&I O-GRUPPA v/Reidar Brevik, Hystadvegen 172, 5400 Stord.

Det er viktig at kasseraren får melding om alle adresseendringar.
Dersom du er ny medlem og ikkje har fått bankgiro slik at du får betalt kontigenten, kan du skriva navn og adresse på en lapp og levere til kassereren. Husk fødselsdato
 

Løp utanom Stord

For dei som er interessert i fleire løp enn dei som går på Stord, er tilbodet stort. Hordaland o-krets har mange løpstilbod. Stord ligg geografisk fint til, slik at mange av løpa i Rogaland o-krets og er aktuelle. I tillegg til dette arrangerer klubbane i Sunnhordland/Nord-Rogaland nokre løp. Er ikkje dette nok, kryr det av nasjonale og internasjonale løp. O-løp i ferien er supert, så ta ein kikk på terminlistene i heftet og plukk ut dei løpa du vil vera med på.

Påmelding til uteløp

Oppmann Ann-Marie Westerheim har alltid med seg alle løpsinnbydingar på løpa om tysdagen. Med kvar løpsinnbyding vil det fylgja ei påmeldingsliste. På denne lista står dei fleste aktuelle navn, og ein melder seg på ved å skriva kva klasse ein skal springa i. Dette skriv ein framfor navnet. Dersom navnet ditt ikkje står på lista, fører du det på sjølv.

NB! Meld deg på til løpa i god tid, vent ikkje til siste dagen.
 

EKT på løpa

Erfaringar med bruken så langt er ganske gode. Dei fleste løpa har gått bra, men vi har og hatt nokre "problemløp". Nokre få av feila skuldast teknisk svikt på brikker og einingar. Men dei fleste skuldast at løparane ikkje har følgt reglane som er sett opp. Føremålet med reglane er at ALLE skal får rett tid, sjølv om teknikken sviktar

Hugsereglar:

* Sørg for å aktivisere brikken skikkeleg på start (hald nede i min 3 sek.)
* Spring aldri på lånte brikker utan å melda frå til arrangøren
NB dette gjeld ALLE som låner, også innan same familien
* Hugs å lese av brikken etter målgang
* Legg brikken heilt ned i posteininga. Elles risikrerer ein at posten ikkje vert registrert elektronisk. Dersom det heller ikkje vert merke på "bakuplappen" på baksida risikerer ein å bli diska.
* Start på same tid som du har ført opp på startlista.
* Hald "køen" etter målgang.
* Ved feil på ei brikke må arrangøren prøva å rekna ut sluttida ut frå startlista og opplysningane frå løparen. I dei fleste tilfeller vil ein kunne rekna seg fram til ei tid som stemmer sånn nokonlunde. Denne manuelle tida må førast på startlista.
* Etter løpet må målklokka leverast til Jonny H. Resultata blir av lagt ut på WEB og sende til aktuelle aviser samt rankingføraren. For at dette skal gå greit må arrangørane sørge for å ha fullstendige opplysingar om alle som har starta.
 

Kartprosjekt

Revisjonar
Digernes-Ås må reviderast pga Trekantsambandet og endringar i dei grøne og gule områda. Arbeidet med å digitalisera kartet er ferdig. Ein vil engasjera Vidar Georg Ydse som synfarar. Oppstart i løpet av våren. Ferdig i løpet av 99.
Leivik Nord må digitaliserast og reviderast i nærmaste framtid.
Skulegardskart
Etter initiativ frå instruksjonsrådet er det laga skulegardskart over Leirvik, Hystad og Rommetveit skular. Desse er ikkje ferdig trykte, men vil bli kopierte opp etter behov på fargekopieringsmaskin.
Opptrykk av gamle kart
1500 eksemplarar er trykt opp av Heio 1:10 000.
Kopiering av kart i staden for trykk?
I år vil ein sannsynlegvis mangla kart i enkelte område. I staden for å trykkja opp nye, vil vi satsa på å teikna løypene på "masterkart" som blir kopiert på fargekopieringsmaskin. Dersom ein kan få litt reklame på karta vil dei bli billegare enn ferdig trykte kart. Føresetnaden er at fargekvalitet og papir vert tilfredsstillande. Løypeleggjarar som dette vert aktuelt for tar kontakt med Jonny H eller Åge.

Startkontingent/eigenandel til løp utanom klubben

Eigenandelen ved løp utanom klubben vert i år slik:
Vaksne (over 30 år) betalar startkontingenten fullt ut.
Ungdom mellom 21 og 30 år betalar kr. 25,-.
Ungdom mellom 16 og 20 år betalar kr. 15,-.
Born under 16 år betalar kr 10.-
Representasjonsløp er unnateke (NM/Hovedløp o.l.).
Tillegg i startkontingenten på ca kr 30.- for dei som ikkje har eiga EKT-brikke.

Dersom ein påmeld løpar ikkje stiller opp, utan spesiell orsak, sjukdom o.l., må ho/han betala heile kontingenten sjølv. Ved etteranmelding må det betalast eit tillegg til startkontingenten. Løparen må då betala dette tillegget sjølv. Ved ferieløp må løparen betala heile startkontingenten sjølv. Ferieløp vert rekna frå siste løp i Hordaland o-krets før ferien, til første løp etter ferien. Når det gjeld eigenandel ved deltaking i større løp/stafettar vil størrelsen av den verta avgjort for kvart løp.

For å letta arbeidet for oppmannen, vil det ikkje verta krevd inn eigenandelen på reisa, men det vil verta sendt ut krav om innbetaling utover sesongen. På bankgiroen vil det berre stå beløpet som skal betalast, ikkje kva for løp det gjeld. Det får kvar einskild halda orden på for seg sjølv. Kravet vert sendt ut i høve til påmeldingslista.

Reiseutgifter

1. Det er alltid ein føresetnad for utbetaling at skjemaet for reiseoppgjer er fylt ut og levert kasserar. Det skal leverast eit skjema for kvar einskild reise. NB! Lever reiseoppgjerskjemaet til kasseraren snarast etter at reisa er avslutta.
2. Alle billettar/kvitteringar skal heftast saman med skjemaet. Utgifter som ikkje kan dokumenterast, blir ikkje dekka.
3. Ved reiser til løp i Hordaland/Rogaland blir ferjebillettar med bil dekka, under førestnad av at det er minst tre løparar i bilen. Passasjerane i bilen må dela på resten av utgiftene.
4. For løparar som kan delta i hovudløp og NM, og løparar som vil kvalifisera seg til elitestatus eller halda på elitestatusen, gjeld følgjande reglar ved slike løp:
a. 50 % av reiseutgiftene blir dekka ved billegaste reisemåte.
b. Ved bruk av eigen bil med minimum tre løparar blir utgifter til ferje og bompengar dekka heilt ut. I tillegg blir det utbetalt ei godtgjersle på kr. 1,- pr. km.
5. Reiseutgifter i samband med hovudløp og NM blir dekka fullt ut ved billegaste reisemåte
6. Reiseutgifter i samband med O-cupen, Tio-mila og andre store arrangement, skal delast mellom O-gruppa og den einskilde deltakaren. Storleiken på eigenandelen blir bestemt av styret, og er avhengig av dei totale kostnadene ved arrangementet.
7. Reiseutgifter til ferieløp blir ikkje dekka av O-gruppa.

Ikkje mange eliteløparar igjen i klubben no. Etter at Arild (i midten) emigrete til Sandnes er det Kenneth (til venstre) og Bjarthe (til høgre) som forsvarar æra omtrent åleine. Bildet er teke på Karmøy-jakta i fjor.

Nokre av jentene i ungdomsgruppa.
Frå venstre: Bente Kloster (tilbake i Fitjar), Hilde Barmen, Kristne Vad og Arnfrid Skjæveland
 
 

Pokalar og trofé

Finn Kattetveit pokalen og Storebrand pokalen
Desse pokalane vert gjevne til vinnarane av Sunnhordlandsjakta. Det er ein konkurranse som går over 2 dagar. Gutar/herrer spring 3,0 - 3,5 km, jenter/damer spring 2,5 - 3,0 km. Løparane tek med seg resultata frå fyrste dag til andre dag. Tidene frå fyrste dag vert omrekna etter ein såkalla handicaptabell slik at alle skal ha lik sjanse til å vinna. Andre dag er det jaktstart, dvs. at den som etter omrekninga har best tid startar fyrst, og dei andre så lenge etter som tida seier. Den fyrste i mål i gute/herre -klassen vinn Finn Kattetveit pokalen, og den fyrste i jente/dame -klassen vinn Storebrand pokalen. Vinnarane får navna sine inngraverte på pokalane, men må vinna dei 3 år for å få dei til odel og eige. Alle løparar som er medlemer av lag i Sunnhordland tilslutta NOF kan konkurrera om vandrepokalane.
Vinnar av Storebrand pokalen 1998:
Damer: Ann Marie Westerheim
Vinnar av Finn Kattetvedtpokalen 1998: Menn: Kenneth Westerheim (her saman med bror Bjarthe)

Svein Barmens minnepokalar
Desse vert gjeve til den guten/mannen og den jenta/kvinna i ST&I som har stått for den beste framgangen/dei beste prestasjonane i løpet av sesongen. Pokalane er evigvarande, der vinnarane kvart år får inngravert sine navn, men dei får og kvar sin miniatyrpokal til odel og eige. Medlemmene i o-gruppa kan foreslå løparar dei meiner bør få desse pokalane. Seinare vil styret vurdera forslaga og avgjera kven som skal tildelast pokalane. Desse pokalane vart oppsett i 1978 av forretningsfolk på Leirvik.
Vinnar av Svein Barmens minnepokal 1998: Menn: Kenneth Westerheim
Svein Barmens minnepokal 1998: Damer: Ikkje utdelt

Erik Underhaugs o-cup pokal
Gullsmed Erik Underhaug har sett opp ein vandrepokal til den ST&I-løpar som scorar mest poeng i o-cupen kvart år, minimum 9 poeng. For å få denne pokalen til odel og eige, må ein vinna han 3 år. Den årlege vinnar får ein minnepremie. Pokalen vart oppsett i 1984.
Erik Underhaugs o-cup pokal 1998:  Ikkje utdelt

"Bellot's" minnepokal
Denne pokalen vert vunne av den jenta/guten som har best plassiffer samanlagt etter 2 dagars nybyrjarløpet som blir arrangert i forbindelse med Sunnhordlandsjakta. Pokalen er evigvarande, der vinnaren kvart år får tildelt ein miniatyrpokal til odel og eige. Pokalen vart sett opp i 1988 av Harald Tveit og Erik Underhaug, som skiftar om å kjøpa miniatyrpokal kvar sitt år.
Vinnar av "Bellots" minnepokal 1998: Øyvind Vestbøstad

Leif Sæterdals rankingpokal
Pokalen vart utdelt første gong sesongen 1989. Pokalen skal tildelast den o-løparen frå ST&I som har oppnådd størst antall poeng i rankingløpa uansett klasse. Poenga skal reknast etter den gjeldande formel for klassen. Klassar som har mindre enn 3 startar i gj.snitt pr løp tel ikkje med. ALLE terminfesta rankingløp skal telja med, med unnatak av løpet med dårlegaste poengsum. Dersom løparar står likt, vinn den som spring i klassen med høgast antall startar i alle løpa. Står dei framleis likt, vinn den som spring i den yngste klassen.
Vinnar av Leif Sæterdals rankingpokal 1997: Kenneth Westerheim

Frielekruset
Frielekruset er ein vandrepokal, og er ei gåve frå Friele Kaffe.
Kruset er sett opp i alle A-klassar frå D/H 40-60 og vil bli utdelt kvart år i eit av ST&I o-gruppa sine nasjonale løp.
Første løpar som oppnår 40 poeng vinn kruset til odel og eige.
Vinnar 1998 til odel og eige:
Ann -Marie Westerheim 45 poeng

Løypeleggjaren
Denne pokalen vert vunne av den som har lagt dei beste løypene i fjordåret. Teljande løp er: rankingløpa, Stordmeisterskapen, Æresrunden og kretsløpa.
Vinnarar av "Løypeleggjaren" 1998: Harald Haugen

Glade pokalvinnarar: : Ann Marie, Øyvind og Kenneth

Kretsterminliste for Sunnhordland 1999
Vårsesongen:
Dato Løp Kart Frammøte Løpsleiar Medhjelparar
30.mars
Treningsløp Ås-Lønning Vabakken Ivar Helleland Hans Fylkesnes
April
6. april
Treningsløp Leirvik Nord Presthaugs
havet
Per Svein Sakseid Per Arild Eskeland
13. april
1. rankingløp Heio Hetlesæter Kenneth Westerheim Bjarthe, Stig Helge, 
Lars Helge W.
20. april
2. rankingløp     Solid  
24. april
Kristtornløpa, sprint Nord Stokken Svartasmoget Reidar Brevik Jonny Huse
25. april
Kristtornløpa, normal Nord Stokken Svartasmoget Reidar Brevik Jan Ove Øen
27. april
1. sprintløp, 1. løp nyb. karusell   Fitjar    
Mai
4. mai
3. rankingløp   Fitjar    
11. mai
4. rankingløp Øvre Økland Sandtaket Jarle Halland Wilhelm Engelsen, Steinar og 
Edel Slettemark
18. mai
5. rankingløp   Bømlo    
25. mai
2. sprintløp, Sparebankløpet Ås-Rommetveit Prestegardskogen Jan Arild Nesse Magnar Hillesdal, Audvald Kvamme, Lars Inge Isdal
Juni/juli
1. juni
6. rankingløp Digernes-Ås Heiane Arne Henrik Hovden Åge Hovden, Anne Løver, Bjarte og 
Bjarne Børtveit
8. juni
7. rankingløp Leirvik Nord Grov Harald Haugen Lars Kårevik, 
Gunnar og 
Randi Nysæter
11. og 12. juni
O-troll leir,
2. nyb karusell
Fjellstova Lundarstøl Arne Bergsvåg,
Rekrutterings
nemnda
Anne Løver,
Marie Aasheim
Per Svein Sakseid
15. juni
Sunnhordlands-
mesterskapet stafett
Digernes-Ås Valvatna Åge Hovden Mindur Brundtland,
Kjell og 
Marie Aasheim
20.juni
Sunnhordlands
jakta
Heio Lundarstøl Helge Brunborg  
22. juni
Stordøy
mesterskap
    Fitjar  
29. juni
Treningsløp Heio Sjolalemyro Bjarne Børtveit  

 
 
 


 
Haustsesongen:
Dato
Løp Kart Frammøte Løpsleiar Medhjelparar
Juli
Ferieløp, sjå terminliste for løp utanom Sunnhordland
August:
3.aug.
Treningsløp Heio Fjellstova Arnlaug Skjæveland Arnfrid Skjæveland
Kristine Vad
8. aug.
Sunnhordlands-mesterskap Skorpo Skorpo Bernhard Skjolde  
10. aug.
Stordmeisterskap     Solid  
17. aug.
8. rankingløp Heio Bommen Kåre Roaldkvam Jonny og Åshild Huse, Oddmund R.
24. aug.
3. sprintløp,
3. løp nyb kar.
Øvre Økland Økland Bjarthe Westerheim Bjarne Børtveit, Magne Sakseid,
Reidar Brevik
31. aug.
9. rankingløp Øvre Økland Dalheim Karl I. Westerheim Ann Marie W, 
Kristi Bunes,
Sigval Robberstad
September
7. sept.
4. sprintløp
4. Nyb Kar.
    Solid  
14. sept
10. rankingløp Digernes-Ås Vabakken Atle Irgens Lars H. Frugård, 
Even Rolfsnes,
Steinar Barmen
21. sept.
5. sprintløp
5. nyb kar.
  Bømlo    
28. sept
Æresrunden Leirvik Nord Saneset Are Yttredal Gerda og Malene Øen, Norolf Kobbeltvedt, Tore Wåge
Desember
26.des. 
Romjulsløpet   Stordhuset Styret  

 

Terminliste for løp utanom Sunnhordland
Dato Hordaland N-Rogaland Andre
Vårløp:
11.04   Haugesund:
40års jubileumsløp
Halden SK Vårstafetten
17.04   OK Moss Lørdagskjappen
18.04 Askøy OL Vindafjord OL Sarpsborg OL Solrenningen
24.04 Stord TIL 
Kristornløpa kortdistanse
 
25.04 Stord TIL Kristornløpa normaldistanse  
09.05 IL Gneist 

Sandslisprinten

Ølen IL  
29.05 Fana IL Fana 2-dagers  
30.05 Fana IL Fana 2-dagers Vikebygd IL  
05.06   Torvastad IL KM  
06.06 Bergens TF KM Kopervik IL KM  
12.06 Samnanger IL 

Hamla Grand Prix

 
13.06 Samnanger IL
Kompisstafetten
Sauda OK  
19.06 Voss IL Vossagampen KM  
Ferieløp:
25.06- 27.06   Sandefjord: OK Norsk O-Festival
30.06- 03.07   Troms: Midnattsolgaloppen
02.07 – 04.07   Oppland: O-land 
02.07 – 04.07 Drammen: 3-dagers
03.07 – 07.08 Voss IL, Gular 
Nordvestgaloppen
 
08.07 – 11.07   Hedmark: Dølauka
10.07 – 16.07   Porsgrunn: Sørlandsgaloppen 
18.07 – 23.07   Danmark: VM Veteraner
01.08-98.08 Skotsk 6 dagers + VM
Haustløp:
21.08 – 22.08 T&IF Viking KM  
28.08- 29.08 Odda IL 

Vestlandsmesterskapet

 
04.09 - 05.09   Kongsberg: OL NM Veteranar
26.09   Bjoa IL 
Bjoaspretten
 
26.09 Samnanger IL 2-mila  
16.10   Fredrikstad SK: Blodslitet, NC jr. 10


Nokre resultat frå -98 sesongen

Noregsmeisterskap

NM-Normaldistanse (Arr OK Skøynar)

H 21: 22. Bjarthe Westerheim
65. Frode Nysæter
NM-Kortdistanse (Arr. Hamar OK)
H21: 41. Bjarthe Westerheim
NM-Natt (Arr. Ringerike OL)
H21: 8. Kenneth Westerheim

Hovedløp for yngre (Sarpsborg)
D 15: 24. Mari Bergsvåg
25. Malene Øen

O-festivalen (Arr: Opsal IF)
Fredagsløpet (Sporveissprinten)
H 21E1: 44. Bjarthe Westerheim
H 21A4: 9.Oddmund Roaldkvam
10.Frode Nysæter
26. Kenneth Westerheim
48. Henrik Ottesen
H35: 35. Jarle Halland
H50: 39. Jonny Huse
H55: 19. Sigval Robberstad
H10-12N: 9. Øyvind Kyvik
D17N: 1. Helen Martinsen
D55:1 2. Åshild Huse
Lørdagsløpet (Canon Classic)
H21AL2 18. Kenneth Westerheim
19. Frode Nysæter
20. John Tore Vik
25. Oddmund Roaldkvam
91. Henrik Ottesen
H21 AK2 : 65. Jarle Halland
H50 AK: 10. Jonny Huse
H55 35. Sigval Robberstad
H10-12N: 7. Øyvind Kyvik
D17N 1. Helen Martinsen
Stafett Herrer Åpen
34. Stord (Frode, Kenneth, Bjarthe, John Tore, Henrik, Oddmund)
H 135: 20. Stord (Jarle, Sigval, Jonny)

Sørlandsgaloppen
H 21AL: 10. Kenneth Westerheim
29. Bjarthe Westerheim
H40A 10. Magnar Hillesdal
H50: 21 Jonny Huse
H45AK: 14. Jan Ove Øen
H50: 38. Steinar Slettemark
? Jonny Huse
H55: 4. Karl Ingvald Westerheim
D45: 4. Ann-Marie Westerheim
D50: 2. Edel Slettemark
8. Marie Åsheim
D55: ? Åshild Huse
D60: 7. Arnlaug Skjæveland
D16: 20. Arnfrid Skjæveland
21. Kristine Vad
D15: 9. Malene Øen

Kretsrankingen
D 19K: 2. Anne Løver
D40: 3. Ann-Marie Westerheim
D 50: 1. Edel Slettemark
D15-34K: 2. Helen Martinsen
D10-12N: 15. Ingrid Vad
16. Kristine E. Sakseid
H21L 1. Kenneth Westerheim
2. Bjarthe Westerheim
H40: 2. Magnar Hillesdal
H60: 3. Bjarne Børtveit
H10-12: 5. Henrik M. Hope
H10-12N 10. Øyvind Kyvik
32. Ole K. Laastad
33. Jon Buchvold
39. Ole Halland
47. Terje M. Hope
48. Kjetil Bruket
56. Bjørnar L. Bunes

Kretsmesterskap
Individuelt (Arr. Gular IL)
H 21 L: 2. Bjarthe Westerheim
7. Kenneth Westerheim
H50: 4 . Sigval Robberstad
9. Jonny Huse
11. Karl Ingvald Westerheim H 40:
11. Jan Ove Øen
H15-16: 5. Stian Bratseth
6. Bjarthe Børtveit
H 60: 4. Kåre Roaldkvam
6. Bjame Børtveit
D15-16: 4. Malene Øen
D13-14 6. Kristine Vad
8. Arnfrid Skjæveland
D40: 2. Ann-Marie Westerheim
D50: 1. Edel Slettemark
6. Arnlaug Skjæveland
7. Åshild Huse
D15-34: 2. Helen Martinsen
3. Mari Bergsvåg
H10-12N: 11. Øyvind Kyvik
KM stafett (Arr. Gular)
H 17: 4.Stord (Jarle, Kenneth, Arne, Bjarthe)
D 17: 5. Stord (Edel, Anne, Ann Marie)
D 13-16: 2. Stord 2 (IMalene, Kristine, Mari)
H 156: 3. Stord 1 (Jan Ove, Jonny, Sigval) 4. StordII (Steinar, Kåre, Kalle)
Åpen:
6. Stord (Bjarthe B, Stian, Bjarne)
7. StordII (Arnlaug, Arnfrid, Åshild)

Vestlandsmeisterskap (DM) Sogndal
H55: 3. Karl Ingvald Westerheim
4. Sigval Robberstad
H60: 3. Bjarne Børtveit
H 40: 8. Arne Bergsvåg
D 35 1. Anne Løver
D 45: 1. Ann-Marie Westerheim
D 50: 3. Edel Slettemark
D 15-16: 3. Mari Bergsvåg
4. Kristine Vad
7. Arnfrid Skjæveland
9. Malene Øen
Stafett:
D 13-16:1. Stord (Malene, Kristine, Mari)
H 156:4. Stord (Karl I, Bjarne, Sigval)
D 120:1. Stord (Edel, Anne, Ann-Marie)

Veteranmesterskapet (Toten)
H50 65. Jonny Huse
D60: 16. Arnlaug Skjæveland

Nordvestgaloppen (Stryn)
H40 8. Åge Hovden
H50: 29. Steinar Slettemark
31. Jonny Huse
H55 1. Sigval Robberstad
2. Karl Ingvald Westerheim
D45: 1. Anne Marie Westerheim
D50: 1. Edel Slettemark
2. Marie Åsheim
D55: 9. Åshild Huse